Sport | 15. jan. 2012

Blei skubba utfor 111 meter

– Det var utruleg overraskande og uprofesjonelt, seier Lisa Gaassand Hagevik om pendelhoppet i Zambia.

Blei skubba utfor 111 meter
Lisa Gaassand Hagevik (t.v.) og venninna Belinda Svensli rett før dei blei skubba av brua. (Skjermskot frå film/privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. jan. 2012 21:39

Lisa Gassand Hagevik var på klassetur til Afrika då ho og 6-7 klassekameratar reiste frå Zimbabwe over til Zambia for å hoppa strikk og pendel 111 meter over Zambezi-elva. Same plass opplevde ei kvinne som hoppa på nyttårsaftan at strikken rauk.

– Eg hadde nettopp hoppa strikk då vi som sistepar ut blant gjengen frå klassen også skulle prøva tandemhopp i pendel, fortel Lisa til Midtsiden.no.

Saman med venninna Belinda Svensli sto ho nesten klar til å hoppa då ein av arrangørane fiksa på noko tau. Utan å gje signal reiste han seg opp og skubba venninna utfor.

– Først prøvde eg å halda igjen, men vi var jo festa saman, så eg skjønte jo at eg måtte hoppa eg òg. Det skjedde utruleg fort, fortel osingen.

Før helga viste VG Nett ein film, sett saman at opptak kjøpt av arrangørane og video tatt av medelevar.

Videoen av hoppet kan du sjå her (VG.no)

Fekk tauet rundt foten

I lufta høyrte ho venninna skrika. Ikkje av frykt og adrenalin-kick, men av smerte.

– Då tauet var stramt og vi byrja å pendla sa ho at ho hadde vondt i både nakke, rygg og i låret. Eg sjekka foten hennar, men ville ikkje seia til ho kor stygt såret såg ut.

– Det kjentes ut som om vi blei kasta rundt kvarandre på veg ned.

I etterkant kan nok dei to vera glade for at dei ikkje fekk tauet rundt hovudet. Men skade blei det, Belinda fekk andregrads forbrenning som følgje av at tauet stramma rundt foten hennar.

Ikkje nervøse

Då venninnene kom opp igjen på brua dei blei kasta ut frå var dei veldig irriterte på arrangørane.

– Dei beklagde seg veldig, både han som sto på brua og sjefen hans, som vi snakka med etterpå.

– Leiaren skulda på at dei plar skubba folk som stussar og ikkje kjem seg utfor utan hjelp. Men vi sto ikkje og nølte, vi var klare for dette vi, vi ville berre venta på at han som jobba der skulle gjera seg ferdig med taua så vi kunne roa oss ned i eit par sekund før hoppet.

Blei bra igjen

Klasseturen til Afrika, som var i oktober og november i fjor, varte i cirka ein månad. Klassen var i Sør-Afrika, Namibia, Botswana og Zimbabwe før nokre av elevane tok turen til Zambia for å hoppa.

– Hoppet var ikkje del av skulen sitt program, men noko vi hadde lest om på førehand og bestemt oss for å prøva, seier Lisa, som er elev ved Nordhordland folkehøgskule.

No er ho glad for at venninna Belinda ikkje har smerter i nakke og rygg lenger, og at såret hennar har grodd fint.

– Episoden fann stad to dagar før vi skulle heim, så vi brukte eige førstehjelpsutstyr til å reinsa såret og kjøla det ned. Vel heime gjekk ho til lege, så det ordna seg heldigvis, seier Lisa Gassand Hagevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.