Blei vitne til mogleg båttjuveri i natt
Politiet ber folk med båt i Naustvågen sjekka om dei framleis har båten sin.
Klokka 04.32 natt til onsdag blei politiet oppringt av eit vitne til noko som kan ha vore eit båttjuveri.
– Innringar fortalte om to personar med lommelykt som romsterte i ei hamn nær Halhjem ferjekai, truleg i Naustvågen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
– Etter tre-fire forsøk og knappe ti minutt fekk dei start på ein båt og køyrde ut vågen.
Patrulje var på veg, men nådde ikkje fram før dei to personane og båten var vekke.
Båten blir skildra som kvit, med nokre striper, og med vindskjerm og påhengsmotor.
– Det er naturlegvis mogleg at dette var folk som hadde eit ærend i natt, i sin eigen båt, men vi oppmodar folk med båt liggande nær Halhjem ferjekai om å sjekka at den framleis ligg der den skal.