Lokal | 28. apr. 2018

– Bli med og rydd

Inviterer til bossryddeveke. Har plukka ut fem plassar du kan levere bosset du finn.

– Bli med og rydd
Ordførar Marie Bruarøy oppfordrar alle osingar til å bli med på bossryddeveka som startar torsdag i neste veke (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 28. apr. 2018 07:57

Ordførar Marie Bruarøy utfordrar osingane til bli med å rydde bygda frå torsdag 3. mai til onsdag 9. mai.

– Fleire har tatt kontakt med meg og lurt på om ikkje kommunen skal organisera noko rydding av strender som i fjor. Det skal vi. Onsdag 3. mai har NRK sin «Rydd Norge» dag, den internasjonale strandryddedagen er 5. mai, så då har vi funne ut at vi like gjerne kan køyre ei ryddeveke frå 3. til 9. mai.

Fem samlepunkt

Bruarøy har vore i kontakt med BIR som vil komma og hente bosset som blir plukka på fem plassar.

– Det blir ikkje satt ut kontainere i år, men folk kan sette frå seg bosset på fem plassar rundt i bygda, så vil BIR kome og hente det når veke er avslutta. Plastsøppel og det ein finn på strendene vil jo normalt ikkje lukte, så det bør gå bra. Om det blir eit problem eller det blir samla inn store berg med boss, så skal eg få gitt dei beskjed om å komma og hente det tidlegare, seier Bruarøy.

Samba hjelper til

Dei fem stadene er Halhjem ferjekai, Søre Øyane i nærleiken av butikken, Buena ved pumpehuset, Yts i Lønnevågen ved snuplassen og på Haugsneset moloen utanfor bubilparkeringa.

– I tillegg har Samba på tilbodssida. Dei har sagt at om folk er ute og plukkar i utilgjengelege områder ved sjøen, så kan dei komma og henta bosset og frakte det til land.

Gratis heile året

Ein kan sjølvsagt også levera direkte til BIR i Kolskogen.

– Det er gratis å levere boss ein finn på strendene og i naturen til BIR i Kolskogen. Det gjeld heile året om ein nyttar strandryddesekkene som ein kan henta gratis i Kolskogen.

– Eg håper dette kan vera starten på ein aksjon som kan gå gjennom heile sommaren. Det at folk no tek med seg ein pose for å plukke boss når dei skal ut og jogge ein tur, er heilt fantastisk.

– Ta med heile familien, gå saman nabolaget, unge og eldre og finn ei strand å rydde. Registrer gjerne kor de har rydda på ryddeportalen.no, så slepp andre å reise fånyttes til den stranda de allereie har rydda, slik som ei skuleklasse gjorde i går då dei ville gjera ein innsats i Ervikane. Der var det allereie rydda, seier Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.