Kultur | 05. aug. 2016

Bli med opp på Osfest-scenen

Video: Skal artistane levera ein god konsert, må alt utstyr vera på rett plass. Det sørgjer scenemeister Kjetil Osablod Grønvigh og crewet for.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 05. aug. 2016 13:19

Fredag formiddag var det hektisk aktivitet på den store scenen på Osfest. Omlag samstundes kom trailerane med utstyret til Odd Nordstoga og Vamp køyrande inn på skuleplassen bak scenen.

Midtsiden blei med scenemeister Kjetil Osablod Grønvigh frå Bergen Backline, då dei tok i gang med rigginga.

– Dei fleste artistane eller managementa deira har plotta kor på scenen dei vil ha det ulike utstyret. Nokre vil ha trommene høgt, andre lågt. Nokre skal ha ein platting å dansa på. Alt dette skal vi sørgje for at er på rett plass til rett tid, forklarer Osablod Grønvigh.

Tetris for vaksne

Etter å ha rigga opp utstyret og køyrd lydprøver, må alt utstyret flyttast for at neste artist skal sleppa til. Så må alt snuast igjen når konserten går sin gang utover kvelden.

– Det er tetris for vaksne, smiler Osablod.

– Kor lang tid bruker de på å skifte mellom banda?

– Vi snur vel scenen på knappe 20 minutt. Det er klart det kan koke når det står på. Alle som er her oppe er bloddedikerte for den jobben dei skal gjera, difor er kommunikasjon alt. Om det byrjar å koke og nokre snakkar med ein litt høg desibel tek eg på meg det sveitsiske flagget og meklar, eller kjem med ein sjokolade og ein kopp kaffi, slik at dei får blodsukkeret i vater igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.