Sport | 03. des. 2010

Blir i Arna-Bjørnar

Åsne blei kåra til «årets komet» på Arna-Bjørnar og fekk lengre kontrakt enn ho hadde håpa på.

Blir i Arna-Bjørnar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. des. 2010 06:32

Då Åsne Takle Eide som 15-åring gjekk til Toppserie-klubben Arna-Bjørnar i vår fekk ho kontrakt ut året. I sommar fylte ho 16 år (og fekk plass på J16-landslaget på bursdagen) og i haust har det blitt mykje speletid på stortalentet frå Os.

Etter serieavslutninga, som enda med tap i kampen og tap av bronsemedalje, har Åsne vore spent på om ho var med vidare i planane til den sportslege leiinga.

- Eg håpte på 2-årskontrakt, så eg har plass i klubben nesten heilt til eg er ferdig på skulen, seier Åsne, som er elev ved toppidrettsgymnaset på Tertnes.«»

Signerte 3-årskontrakt
Onsdag signerte ho ny kontrakt med Arna-Bjørnar, ein kontrakt som gjer ho til Arna-Bjørnar-spelar i tre år.

- Det er eg veldig nøgd med. Vi har også tatt med eit punkt om at eg kan trena med ein annan klubb og reisa heim til kamp om eg etter gymnaset vel å reisa til ein annan by for å studera det siste halve året av kontraktsperioden.

«Åsne har vist stor framgang i år, spelt mange kampar og skåra fleire flotte mål, blant andre det historiske førstemålet på Arna Idrettspark. Ho debuterte også på J16-landslaget og gjorde det godt der, så vi håper det er ein av framtidas profilar i norsk kvinnefotball som no har bestemt seg for å signera med Arna-Bjørnar», skriv klubben på eigne heimesider.

Komet-kåring
Laurdag hadde Arna-Bjørnar avslutningsfest, og på festen fekk Åsne pris og tittelen «Årets komet».

- Første- og andrelaget både på kvinne- og herresida var med på festen, så det var ei livleg og kjekk prisutdeling.

fotballmagasinet.no har Åsne også fått merksemd, i ei kåring av årets U20-lag er osingen med i troppen.

- Det er eit par spelarar under 20 år som har hamna på årets lag, og derfor ikkje konkurrerer mot oss andre om plass på U20-laget i kåringa. Men det er litt kjekt likevel, innrømmer 16-åringen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.