Næringsliv | 25. juni 2015

Blir konsernsjef i BKK

Statoil-direktør Jannicke Hilland får «ny energi» i ny leiarstilling.

Blir konsernsjef i BKK
Jannicke Hilland frå Os går frå konsernleiinga i Statoil til jobb som konsernsjef for BKK AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. juni 2015 07:18

Tidlegare denne veka kunne BKK fortelja at Jannicke Hilland frå Os er tilsett som ny konsernsjef etter Atle Neteland, som går av med pensjon seinare i år.

Hilland går frå stillinga som direktør for konserntryggleik og sikring i Statoil.

Bransjar i endring

Hilland, som er sivilingeniør frå University of Manchester, dr. scient frå Universitetet i Bergen og har delfag i strategisk leiing frå Norges Handelshøgskole, blei hausten 2013 del av konsernleiinga i Statoil.

Dette etter fleire år i leiarstillingar i Statoil og Hydro. Men det er ikkje nedgangen i oljebransjen det siste året som er årsak til at ho no skiftar jobb.

– Eg har hatt 17 år i olje- og gassnæringa, og det har vore ei fantastisk tid. Stillinga mi er der framleis, og det har vore nokre interessante og lærerike år, men tida var moden for å prøva noko nytt, seier Hilland til Midtsiden.

– No ser eg fram til å jobba med ei anna form for energi, men likevel i eit selskap som har mykje til felles med Statoil. Begge er teknologi- og produksjonsbedrifter med lange og stolte tradisjonar.

– Begge er også i marknadar i rask endring. Det kjem til å vera etterspurnad etter olje og gass i mange år framover, samtidig vil behovet og fokus på fornybar energi auka.

Verda og Vestlandet

I ei pressemelding seier styreleiar i BKK AS, Oddvar Nilsen, at konsernleiarstillinga hadde mange godt kvalifiserte søkjarar.

– Vi valte den vi meiner er best til å leia BKK i ei tid med raske endringar og store utfordringar, seier Nilsen.

I stillinga som tryggleiksdirektør blei det reising til fleire av Statoil sine installasjonar rundt om i verda.

– I tida som kjem blir det meir tid på Vestlandet for meg, seier Jannicke Hilland.

Ho startar i ny jobb i løpet av hausten, dato er i ferd med å bli avgjort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.