midtsiden

Blir lysregulert

I samband med utbygging i Solstrandsvegen skal fotgjengarfeltet i Hatvikvegen lysregulerast.

Av: Andris Hamre

Plan og bygningsutvalet handsama torsdag reguleringsplan for Solstrandsvegen kor utbyggar planlegg 50 bustader tilrettelagt for seniorar.

Då planen var ute til offentleg ettersyn varsla Statens vegvesen motsegn til planen. Vegvesenet meinte at 6500 ÅDT (årsdøgntrafikk - gjennomsnittleg antall bilar per døgn, journ.anm) gav grunnlag for krav om ei planfri kryssing av Hatvikvegen i samband med utbygginga.

- Etter dialog med Statens vegvesen har det blitt satt av areal til ei gangbru i planen, men vi er blitt einige om at det i første omgang held med eit lysregulert fotgjengarfelt i Hatvikvegen, orienterte Tom Tellefsen frå tiltakshavar, Solstrandvegen AS.

Statens vegvesen stadfestar disse opplysningane i brev til Os kommune datert 16.11.2010 og trekk varselet om motsegn, men forutset at det vil bli stilt rekkjefølgekrav knytta til lysreguleringa. Med andre ord at det lysregulerte fotgjengarfeltet skal vera etablert før brukstillatelse blir gjeven.

Senka ned i terrenget
Utbyginga som er omfatta av reguleringa er seks bygg i 3-4 etasjar med totalt 50 husvære. Alle med livsløpsstandard.

- Sist de handsama planen ba dykk oss om å senke husa så mykje som råd. No har vi senka dei omlag ein etasje ned i terrenget, forklara Tellefsen.

Då plan- og bygningsutvalet skulle handsama saka fremma Norvald Skåtøy (Ap) forslag om at planen skulle godkjennast, men med ein etasje mindre enn det som ligg i planen.

Dette forslaget falt mot to stemmer. I staden vedtok utvalet å sende saka vidare til kommunestyre for endeleg avgjersle i tråd med administrasjonen si innstilling om å godkjenne planen med tilhøyrande reguleringsførsegner.

 

Fleire saker