Sport | 17. nov. 2011

Blir sjef på Kuventræ

Leif Idar Røen er engasjert som dagleg leiar i Os Turn. Med seg får han Bjørn Mjelva som sponsorkontakt.

Blir sjef på Kuventræ
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. nov. 2011 06:41

– Med Leif Idar Røen føler eg at vi har fått eit kinderegg. Røen har erfaring frå både fotballgruppa og handballgruppa og er i tillegg osing og ein mann med stort nettverk, sa formann i Os Turn fotballgruppa, Terje Hjertnes, under eit informasjonsmøte på klubbhuset på Kuventræ onsdag kveld.

Røen er engasjert i 50 prosent stilling som dagleg leiar. Rundt 1/3 av tida skal han bruka på handballgruppa, resten på fotball. Leif Idar var sjølv formann i fotballgruppa frå 2000 til 2005. Sidan har han vore assistenttrenar for handballdamene og seinare hovudtrenar for herrelaget i handball.

Ball og parabol

Røen har bakgrunn innan TV og radio, men i slutten av oktober var det kroken på døra for Lehrmanns, som Leif Idar har drive i Os sentrum i 22 år.

– Eg held fram som montør og servicemann med nystarta selskap, Parabolservice. Der har eg i utgangspunktet fullt belegg, men eg takka likevel ja då fotballgruppa ved Hjertnes kom med initiativet, seier Leif Idar.

– Med eige firma og utan butikklokale står eg friare, så no blir det Kuventræ måndag, onsdag og litt på kvelden. Elles blir eg ute i felten og sørgjer for at folk får sjå sport og andre spennande ting på TV, seier Røen nøgd.

– Lett å engasjera seg

Sjølv om Røen har vore vekke frå fotballstyret i nokre år presiserte han i går at han ikkje har vore vekke frå grasbanen utanfor Oshallen.

– Fotball og Os Turn har alltid engasjert meg, derfor finn du meg stort sett på tribunen når det er kamp. Eg synes det er lett å gå inn i denne oppgåva med entusiasme, så mykje bra som blir gjort for både ungar, ungdom og Os innandørs og utandørs på Kuventræ.

Når dagleg leiar no er på plass håper Røen at medlemmar og foreldre ser på styreverv og anre verv i klubben som meir attraktive.

– No blir styret og utval avlasta, og kan i aukande grad har fokus på eigne oppgåver og senda saker vidare til meg for fullføring.

Deler oppgåver med Mjelva

Os Turn engasjerer Røen på kontrakt, ikkje ved tilsetjing.

– Det er ei stor glede å endeleg få en dagleg leiar, ein som kan ha kontiniteten i arbeidet vårt oppe og vera ein hovudkontaktperson. Eg trur ikkje det er mange klubbar i Noreg av vår storleik som blir driven på dugnad, slik Os Turn har blitt i mange år.

Røen skal ta seg av alt frå fakturering, post og bank til planlegging og gjennomføring av arrangement og oppfølging av tiltak og idear frå handball- og fotballgruppa.

Men Røen skal ikkje ut på pengejakt.

– Sidan handballgruppa og fotballgruppa rettar seg mot potensielle sponsorar uavhengig av kvarandre vil vi ikkje plassera Røen i ein posisjon som kan føra til for mange dilemma. Men vi har vore heldige og fått gutelagstrenar Bjørn Mjelva til å ta rolla som sponsorkontakt, fortel Hjertnes.

Leif Idar byrjar i stillinga 1. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.