Sport | 25. juli 2013

– Blir ut sesongen!

Erik Kanestrøm trente med Fyllingsdalen FK og spelte mot Brann. – Eg fullfører nok sesongen for Os før eg bestemmer meg.

– Blir ut sesongen!
Erik Kanestrøm trente i sommar med FK Fyllingsdalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 25. juli 2013 08:05

Toppskårar i 3. divisjon, Erik Kanestrøm, nytta sommarpausen til å trena med 2. divisjonslaget FK Fyllingsdalen. Under treningsopphaldet fekk han òg speletid i treningskampen mot Brann, som eliteserielaget vann 5-0.

– Eg veit Fyllingsdalen har sendt brev på meg til Os Turn, men eg trur eg fullfører i Os og eventuelt går etter sesongen.

– Det passar dårleg å bytte klubb no i haust. Eg skal ta til med siste året på BI og reknar med ein travel haust, fortel toppskåraren til Midtsiden.

Har lyst

Kanestrøm har hatt ein god sesong for dei gulkledde på Kuventræ og toppar skåringslista i 3. divisjon avdeling 7 med 11 mål.

– Eg veit eg sit med meir inne, så å prøva seg på eit høgre nivå har eg lyst til.

Men det får venta til neste sesong. No ventar lokaloppgjeret og "Battle of Bygdo" mot Lysekloster førstkommande laurdag.

– Vi skal vinna, og då skårar eg, sa Kanestrøm til Midtsiden onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.