Sport | 11. feb. 2012

Bom, bom, bom

Laurdag skulle Osdamene rette opp inntrykket etter stortapet for Fana. Slik gjekk det ikkje.

Bom, bom, bom
Hilde Kristine Røttingen blei toppskårar med 7 mål (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 11. feb. 2012 18:19

Førre helg leverte handballdamene til Os ei flau forestilling då dei fekk bank frå suverene Fana. Før kampen mot Stord laurdag var trenar Erlend Lyssand fast bestemt på at dei skulle reise seg og vise at det bur meir i laget enn det dei viste mot Fana.

Om det var Fana-kampen som framleis satt i eller om det var andre grunner er ikkje godt å seie, men til pause må dei sjå Stord fire mål foran seg (10-14).

- Vi har heile 16(!) bom i første omgang, seier Ostrenaren.

- Kva er det som gjer at de har så mange bom?

- Du, det har eg ikkje noko godt svar på.

For dei vél 40 på tribunen serverar Osdamene ein uinspirert og uvant temposvak første omgang. Det såg nesten ut som om spelarane ikkje ville ha ballen i mål når dei hadde sjansen.

Bra start

I pausen har tydelegvis trenartrioen tatt ein alvorsprat med jentene. Omgangen byrjar i det tempoet som har vore varemerket til Os dei siste åra og dei tek fort innpå gjestane frå Øya i sør.

- Eg tykkjer vi stå mykje betre i forsvar i andre omgang, men vi slit med samspelet mellom forsvar og keepere, seier Lyssand.

Ei som verkeleg tar tak er Hilde Kristine Røttingen. I forsvar står ho som ein mur, som unge Stord-jenter smell i gang på gang. Framover viser ho vilje og stuper i luker, noko som gjer at ho blir Os sin toppskårar med 7 mål.

Diverre held det ikkje heilt inn og eit jublande Stord-lag kan gå av banen etter å ha slått serietoar Os med eitt mål.

Os-Stord 23-24 (10-14)
Utv: Os: 2x2 min, Stord 2x2 min
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Eva Kristiansen, Irene Tangerås 5, Madeleine Hjertnes 5, Tonje Hjertnes, Hilde Kristine Røttingen 7, Line Hjelle 1, Elise Hjelle 5, Trine Balland.

Os ligg framleis på 2. plass to poeng framfor Fyllingen som har ein kamp meir spelt.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.