Sport | 17. mars 2013

Bom, bom, bom

Os ute av NM etter ekstraomganger og 4-6 tap for Austevoll. - Alle dei brente sjansane irriterer, seier Ostrenar Tore Nielsen.

Bom, bom, bom
Erik Kanestrøm var litt for sein på denne (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 17. mars 2013 16:42

Os tok i mot Austevoll til kvalifiseringskamp til NM i den sure vintervinden på Kuventræ sundag. Det blei ein gysare av ein fotballkamp med 3-3 etter fulltid og fire mål i ekstraomgangene.

Les òg: Lysekloster vann og er klar for NM for første gong

Os leverer ein god første omgang kor dei har fem 100% sjansar i tillegg til ei skåring av Børge Borgen og leiing til pause.

- Første omgangen er det beste gutane har levert i vinter.

- Då speler vi skikkelig bra og fin fotball, skryt ostrenaren.

Gjorde det motsatte

I pausen gav trenar Tore Nilsen osgutane beskjed om å halde aggressiviteten opp, men då spelarane kom på banen gjorde dei motsatt. Borte var dei tøffe taklingane og det raske presset.

- Eg veit ikkje heilt kva som skjer.

- Vi stiller riktignok med 6 juniorar frå start og mister med det mykje duellkraft, men det er ikkje grunn til å ikkje å trø til i duellane.

- I tillegg har vi mange tunge bein utpå der i dag, vi får nytte treningsleiren i Tyrkia i påsken til å få overskot og terpe detaljer, seier Nielsen.

Gav ikkje opp

Andre omgangen blir Austevoll sin. Os blir pressa bakover og blir for feige i duellane, når ballen i tillegg ikkje sprett Os sin veg, så blir det tøft, men Os spelarane gjev ikkje opp.

1-1 blir til 2-1 etter skåring av Håkon Kvittingen, berre minutt etter at Austevoll utligner.

Igjen utlignar Austevoll og går opp i føringa berre to minutt seinare etter ei uheldig klarering av Børge Borgen før Christer Olsen blir spelt igjennom av Mads Lepsøe og utlignar til 3-3. Også andre omgangen blir prega av alt for mange bom frå Os. Totalt reknar Midtsiden seg fram til 8-9 brente 100%-sjansar i løpet av kampen.

Fire mål i ekstraomgangene

Resultatet sto seg til full tid og kampen måtte avgjerast med ekstraomganger. Austevoll kjempar framleis hardast, medan Os slit med å vinne duellane.

- Vi vinn nesten ikkje ein eineste duell på midtbanen. Det må vi bli betre på, konstanterar Nielsen.

3-4-skråinga kjem etter kabb og babb framfor Anders Kloven i Osmålet. Os må satse framover, noko som gjer at Austevoll får rom til å komma på kontring og går opp i både 3-5 og 3-6.

Christer Olsen pyntar på resultatet med å redusera til 4-6 etter å ha blitt spelt igjennom og plassert skotet hardt i kortaste hjørne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.