Lokal | 04. juni 2018

Bøndene står klare ved brann

Fleire av bøndene i Os har fylt gyllevognene med vatn for å vera klare til å hjelpa brannvesenet om det blir skogbrann.

Bøndene står klare ved brann
Bøndene er oppfordra til å fylle gyllevognene med vatn som beredskap ved ein eventuell skogbrann (Foto: Jon Ole Botnevik)
Andris Hamremandag 04. juni 2018 12:29

Det tørre vêret har gjort at skogbrannfaren er særs stor om dagen. Skogbrannvarselet lyser nå mørkeraudt for store delar av Hordaland og for målestasjonen på Florida er talet 120 til 133 dei komande dagane. Særs stor skogbrannfare er det om dette talet er over 70.

Fyller gyllevognene

Difor er no fleire av bøndene i beredskap med gyllevogner fylt med vatn.

– Vi fekk ei oppfordring frå fylkeslaget om å vera i beredskap med å fylla vatn på gyllevognene. I tillegg kom varabrannsjef Arne Monsen med ein tilsvarande oppfordring, så eg har sendt ut ein sms til alle medlemmane kor eg oppmodar dei til å fylle vognene.

– Sålangt har eg fått tilbakemelding om at vi har 12.000 liter klare på hjul og til å bidra om det skulle byrja brenna, fortel Olav Botnevik, leiar i Os bondelag.

Viktig og god ressurs

Brannvesenet er godt nøgd med at bondelaget stiller opp. Dette er ein viktig og god ressurs i tilfelle skogbrann, skriv Os brann og redning på facebook-sida si. Brannvesenet har hatt eit samarbeid med bondelaget i mange år og har utstyr på brannbilane som er konvertible med utstyret til bøndene.

– Det å få fylt gyllevognene kan vera eit problem, så eg kjem til å ta ein diskusjon med brannvesenet om vi kan komma opp på brannstasjonen for å få fylt dei, seier Botnevik.

Kan henta vatn på brannstasjonen

Ti minutt seinare ringer Botnevik tilbake til Midtsiden.

– No har eg snakka med Monsen og dei er veldig positive til det. Bønder som vil fylle vognene sine kan berre ringe vakttelefonen til brannvesenet og avtala tid for fylling.

Grill- og bålforbodet i skog og mark gjeld fram til det har kome betydeleg mengder med regn. Langtidsvarselet tyder på at det kan bli ei stund til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.