Lokal | 08. sep. 2015

– Bra å bli engasjert

#ValiOs15: Her er resultatet frå tysdagens skuleval ved Os Gymnas.

– Bra å bli engasjert
Astrid H. Lærum leverer sin stemmeseddel i skulevalet på Os Gymnas. (Foto: Kari M. Lyssand)
Kari M. Lyssandtirsdag 08. sep. 2015 13:22

Bildeserie:

Katrine og Ingvild hadde full kontroll på registreringa av elevane. I bakgrunnen står lærar i politikk, Øystein Johannesen.
Katrine og Ingvild hadde full kontroll på registreringa av elevane. I bakgrunnen står lærar i politikk, Øystein Johannesen.
1 av 1
Katrine og Ingvild hadde full kontroll på registreringa av elevane. I bakgrunnen står lærar i politikk, Øystein Johannesen.

Førre veke var det Os vidaregåande skule som gjennomførte sitt skuleval, og der viste det seg at Frp framleis er det største partiet.

Denne veka var det Os Gymnas sin tur, og i andre etasje på skulen var det rigga opp til skuleval.

– Vi gjorde alt klart i førre time og no er det vi som har ansvar for valet saman med læraren vår Øystein Johannesen, fortel Katrine Grindeland frå 3B.

Saman med Ingvild Åserød har ho i oppgåve å kryssa ut elevane når dei kjem for å stemma.

I tillegg har 3. klassingane frå faget politikk ansvar for å passa køen, henta inn folk, forklara korleis stemminga skal føregå og å ta imot stemmesedlane.

– Det er bra at vi blir engasjert i valet før vi skal stemma på ordentlig, seier Ingvild.

Dei to jentene har begge hatt klar lenge kva dei skal stemma på, og syntest ikkje valet har vore noko vanskeleg.

– Skuledebatten påvirka ikkje oss, vi hadde bestemt oss før det.

Hjelpte med skuledebatt

Då Midtsiden var innom skulevalet var det 2 klassingane sin tur til å gje si stemme.

– Det har ikkje vore så mange innom enno, men det kan vera fordi det er lunsjtid.

Og det såg ut som ei fleste ville ha i seg litt påfyll før dei gjekk til stemmeurna, for etter ei stund strøyma det på med 2. klassingar.

Ei av dei var Astrid H. Lærum frå klasse 2 B.

I motsetnad til Ingvild og Katrine som visste tidlig kven som fekk deira stemme, har Astrid brukt tida fram mot valet til å finna ut kva parti ho skal velja.

– Eg har tenkt mykje på det og det hjelpte med skuledebatten, då fekk eg eit inntrykk av kva dei ulike partia stod for.

I tillegg har ho undersøkt på eigehand og tatt partitestar på nettet.

– Å ha skuleval er veldig bra, det gjev oss eit innblikk i kva som skjer og ein blir meir førebudd mot valet ein skal ta når ein har fylt 18 år.

Frp halvert

Mens Venstre nesten har dobla seg går Frp kraftig tilbake, frå 27 til 14 prosentpoeng, ved Os Gymnas.

Høyre held seg nokolunde stabile, mens Ap veks med 6 prosentpoeng.

Her er resultatet

Klokka 13 var skulevalet 2015 over og elevane frå politikk-klassen gjekk i gang med arbeidet å telja stemmer.

Av 236 elevar var det 190 som deltok, noko som gjev ei deltaking på 80,5 %.

Her er resultatet med resultata frå 2011 i parantes:

Frp - 28 stemmer, 14,7 % (27,1 %)

Ap - 61 stemmer, 32,1 % (26,1 %)

V - 44 stemmer, 23,2 % (14,57 %)

H - 22 stemmer, 11,6 % (12,1 %)

SV - 10 stemmer, 5,3 % (6,0 %)

SP - 5 stemmer, 2,6 % (4,0 %)

MDG - 11 stemmer, 5,8 % (3,1 %)

KRF - 3 stemmer, 1,6 % (2,5 %)

Raudt - 2 stemmer, 1,1 % (1,5 %)

Blanke stemmer - 4 stemmer, 2,1% (2%).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.