Lokal | 28. juni 2020

Brå overgang - men tørr veke i vente

Laurdag kveld blei sydenvarmen supplert med styrtregn.

Brå overgang - men tørr veke i vente
Tett med folk i Mobergsvikjo laurdag. Så kom regnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. juni 2020 09:13

Etter to veker med nesten samanhengande solrikt og varmt vêr, kom det som meldt nedbør laurdag kveld.

Badande og båtfolk blei overraska av styrtregn i 16.15-tida, men så letta det, og det blei ein varm, stille og ganske tørr kveld.

Meldingane for dei neste dagane har endra seg fleire gongar, men ser no ut til å bli tørrare enn venta.

Søndag får nokre regnbyger, måndag blir overskya, men med opphaldsvêr, og mesteparten av veka blir lettskya og tørr.

Med unntak av ei regnbyge tysdag formiddag skal det vera sol og tørt til fredag.

Men temperaturar på over 25 gradar er ikkje i sikte.

Det er meldt 16-19 gradar måndag og tysdag, 14 gradar onsdag og 11-13 gradar torsdag.

Frredag ettermiddag og heile laurdag er det meldt regn.

  • Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro - Yr og Storm side om side på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.