Sport | 29. aug. 2019

Brann besøkte velfylt hall på Kuventræ

Seks Brann-spelarar måtte i selfiemaraton i Oshallen, men det blei òg tid til å dribla mot unge osingar.

Brann besøkte velfylt hall på Kuventræ
– Eg har to born sjølv, og synest det både er kjekt og viktig å ta seg tid til unge fans, seier Acosta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. aug. 2019 09:33

Bildeserie:

Endre Brenne takka ja då SK Brann ville på besøk. (Foto: KVB)

Enkelte venta ute for å ta imot Brann-spelarane. (Foto: KVB)

Dei første av mange selfiar. (Foto: KVB)

Innandørs var det high five heile vegen. (Foto: KVB)

Så tok dei seks spelarane unna kvar sin kø. (Foto: KVB)

Autografar og selfiemaraton. (Foto: KVB)

– Det er første gong eg er med på turneen, seier Opdal. (Foto: KVB)

Andre sto i kø for å skyta på blink. (Foto: KVB)

Det blei mange fulltreffarar. (Foto: KVB)

Os-spelarane stilte òg opp, Rune Mo (t.h.) med Roger Ekeland og døtrene hans. (Foto: KVB)

14-åringane okkuperte ballbingane. (Foto: KVB)

Menn så fekk dei yngste og eldste sleppa til. (Foto: KVB)

Litt briljering blei det rom for. (Foto: KVB)

Acosta helste på Nore Neset-spelar Tobias (9). (Foto: KVB)

... og heldt humøret oppe i ballbingen. (Foto: KVB)

Så var det trikseshow med Sondre Ø. Aksnes. (Foto: KVB)

1 av 17

Onsdag ettermiddag besøkte Brann-turneen Os Fotball. Turneen inkluderer møte med Brann-spelarar, konkurransar, oppvising og foredrag om MOT og Brann-akademiet.

– Dei tok kontakt og spurde om dei kunne få koma. Eg synest det er veldig kjekt at SK Brann reiser rundt og helsar på i klubbane rundt Bergen, og takka sjølvsagt ja, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Arrangementet var flytta under tak grunna meldingar om store nedbørsmengder, sjølv stilte Os Fotball med kiosk og assistentar til riggen som SK Brann og sponsorane hadde med seg.

Ungane og ungdomane var godt i gang med spel i små bingar og skyting på blink før Brann-spelarane kom, men enkelte ivrige fans sto på parkeringsplassen og tok imot heltane frå eliteserien.

Brann-spelarane som stilte i Oshallen var;Håkon Opdal, Azar Karadas, Vito Wormgoor, Bismar Gilberto Acosta Evans, Ruben Kristiansen og Ruben Yttergård Jenssen.

– Vi byter på kven som reiser. Dette er første gong eg er med på turneen, seier Håkon Opdal til Midtsiden.

– Det er alltid kjekt å møta unge fotballspelarar og å koma tett på fansen.

Kollega Bismar Gilberto Acosta Evans er einig.

– Eg har to born sjølv, det er viktig at vi tar oss tid til dei yngste og det er kjekt både å prata med dei og å få spelt litt fotball saman.

Osing del av Brann-teamet

Brann-spelarane veksla mellom å stilla opp på autografsignering, selfie og å spela mot ungane i to ballbingar i Oshallen. Ein av dei som lokka Acosta ut av bingen for å ta bilde var Nore Neset-spelar Tobias (9).

Han har vore på Stadion cirka 20 gongar allereie, og synest det var stas å møta seks av Brann-spelarane sjølv om favorittane Haugen og Bamba ikkje var med denne gong.

Ein annan som er del av turneen er freestyler Sonde Ødegård Aksnes, som er i noregstoppen i fotballtriksing.

– Dette er tredje besøket eg er med på som del av turneen, i tillegg har eg hatt oppdrag med å triksa i «fan zone» før heimekampane. Det er kjekt å vera med på og ekstra gøy i dag, å vera heime på Os, seier Sondre.

Han fekk godt publikum til trikseshowet sitt og måtte sjølv signera autografar etterpå.

- Se dette innlegget på Instagram

Sondre Ødegård Aksnes frå Os er del av Brann-turneen som besøkte @1_2osablod Os Fotball i går @sondrefreestyle #skbrann #brannturneen #osfotball #midtsiden

Et innlegg delt av Midtsiden.no (@midtsiden) Aug. 29, 2019 kl. 2:12 PDT

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.