Brann i Os Næringspark
Full utrykning til Holtbrekka.
Klokka 22.30 kom meldinga om at det brenn i Os Næringspark i Holtebrekka.
– Vi veit førebels ikkje om det er folk i bygget, seier politiet på staden.
Ifølgje meldinga var det brann to stadar på utsida av bygget. To personar som meldte frå om brannen blei undersøkt av ambulansepersonell.
Under kontroll
Brannvesenet slo full alarm og rykte ut med fire bilar, inkludert lift.
Frå denne jobba dei med å koma til for å sløkka brannen, som såg ut til å vera i ein yttervegg.
OPPDATERT: Klokka 23.05 er brannen under kontroll.
– Det ser ut som om brannen har starta under køyrerampen opp til andre etasje, opplyser politiet.
Brannen blei meldt sløkt klokka 23.32.
• Les òg: Dagen derpå i Os Næringspark