Brann på Steinneset
OPPDATERT: To personar i huset fekk evakuert seg sjølv - huset har røykskadar.
Torsdag rundt klokka 22.45 rykte brannvesenet ut til Steinneset.
Dei hadde fått melding om røyk frå ein bustad. Den har truleg kome frå ei varmepumpe.
– Dei som bur i huset har kome seg ut, opplyser Vest politidistrikt.
– Brannen skal «formentlig» vera i ei varmepumpe, legg dei til.
Også politi og ambulanse er på staden.
Brannvesenet har gått gjennom bustaden for å sjå at brannen ikkje hadde spreidd seg i huset. Det hadde den ikkje.
Kan ikkje bu i huset
I dag opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Atle Birkeland, at meldinga om brannen kom klokka 22.36 i går kveld.
Det var to vaksne personar i huset, og begge kom seg ut utan hjelp frå brannvesenet.
– Det vart ikkje observert flammar, men det kom mykje røyk frå ei varmepumpe. Heile huset vart overfylt med røyk, og må no luftast og rensast før bebuarane kan få flytta inn att.
– Personane som bur på adressa overnattar difor hos familie inntil videre, avsluttar Birkeland.
Det er ikkje meldt om personskadar i samband med brannen.