midtsiden

Bronse til Baste og Brann

Brann tok seg vidare til sluttspel i Color Line Cup, og Baste fekk mykje speletid i eliteturneringa i Ålesund.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os-spelar Baste Bognøy Jonassen fekk godt utbyte av å vera med Brann til turneringa for eliteserielaga sine juniorar. Brann stilte med det yngste av dei åtte laga, men klarte å kjempa seg til sluttspel.

- Etter siger over Molde tapte vi for både Vålerenga og Midtjylland, men Molde slo Vålerenga så då gjekk vi vidare på best målforskjell, seier Baste, som har denne og neste sesong igjen som junior.

I semifinalen blei det 0-4-tap for Rosenborg, men bronsefinalen vann Brann 6-3 over Lyn.

- Det nærmaste eg kom skåring var ei heading i stolpen då eg spelte midtstoppar mot Lyn, fortel forsvarsspelaren frå Os.

Jonassen spelte frå start og 70-80 minutt i alle kampane utanom den mot Vålerenga.

- Det var lærerikt og spennande å bryna seg på dei beste juniorane i landet. Rosenborg, som tapte finalen for Midtjylland på straffe, hadde eit svært godt lag.

I helga kom han heim og i går, etter ei veke med kamptrening innadørs, var det trening med Os igjen.

- Då brøyta vi oss ein bane til å driva løpetrening på. Litt overgang frå forholda i Color Line Stadion, men kjekt å vera tilbake på laget likevel.

Fleire saker