Lokal | 16. nov. 2018

Brugata-kameratar

Dysvik og Duga om moteshow, og det å satsa i Os sentrum.

Brugata-kameratar
Går saman om moteshow: Marielle Aanes frå Duga og Kay André Dysvik frå Dysvik Clothing. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 16. nov. 2018 09:59

Bildeserie:

Duga sel trenings- og kvardagsklede. (Foto: KOG)
Duga sel trenings- og kvardagsklede. (Foto: KOG)
Ein gong bank - no minikjøpesenter med strikkebutikken som nabo. (Foto: KOG)
Ein gong bank - no minikjøpesenter med strikkebutikken som nabo. (Foto: KOG)
– Vi har trua på Os sentrum, fortel Aanes og Borge. (Foto: KOG)
– Vi har trua på Os sentrum, fortel Aanes og Borge. (Foto: KOG)
Lene Gausvik Bårtvedt frå T. Moberg sko var innom for å planlegga laurdagens moteshow. (Foto: KOG)
Lene Gausvik Bårtvedt frå T. Moberg sko var innom for å planlegga laurdagens moteshow. (Foto: KOG)
Duga satsar på skandinaviske merke. (Foto: KOG)
Duga satsar på skandinaviske merke. (Foto: KOG)
Ikkje mykje som minnar om bankdrift lenger. (Foto: KOG)
Ikkje mykje som minnar om bankdrift lenger. (Foto: KOG)
Treningstøy med refleks. (Foto: KOG)
Treningstøy med refleks. (Foto: KOG)
Etterkvart kjem Duga med ein nettbutikk òg. (Foto: KOG)
Etterkvart kjem Duga med ein nettbutikk òg. (Foto: KOG)
Aanes og Borge fortel om ein flygande start. (Foto: KOG)
Aanes og Borge fortel om ein flygande start. (Foto: KOG)
Med trua på Os sentrum og Brugata. (Foto: KOG)
Med trua på Os sentrum og Brugata. (Foto: KOG)
1 av 10

Laurdag på dagtid kan du få med deg noko så spesielt som eit moteshow i eit konditori.

Nyopna Duga fekk utfordringa av naboen lenger oppe i gata, og saman med T. Moberg sko, dei frå Telthuskvartalet, vert det no mogleg å få med seg dei siste trendane saman med laurdagskaffien.

2 år på dagen

Tanya Kulyk og Kay André Dysvik frå Dysvik Clothing fortel at på laurdag kan dei faktisk feira nøyaktig 2 år som butikk i Os.

Tidleg i oktober fortalde dei at dei var i gong med å trappa opp drifta, og at dei gledde seg til nye naboar i det tidlegare bankbygget. Dei fortalde òg at dei planla eit moteshow saman med Duga i november.

Flygande start

Marielle Aanes og Ole Christian Borge har no lagt bak dei første vekene i det nye mini-kjøpesenteret kor Bergen Bank, og seinare DnB heldt til. Dei kan melda om overveldande respons frå folk;

– Opningsdagen måtte eg til slutt stoppa å lesa alle korta som følgde med alle blomehelsingane, fortel Marielle. Eg vart rett og slett for rørt.

– Totalt sett har dei første vekene vore kjempebra, og vi har fått ein skikkeleg kickstart, fortel Ole Christian.

– Talmessig har det vore kjekk lesing for oss, men vi veit at den skikkelege jobben byrjar no når «kvardagen» tek til.

Skal ein tru responsen så langt, har Duga funne sin plass i Os sentrum.

– Salet har vore veldig bra til no, fortel Marielle. Samstundes har vi hatt mange inne som driv og plottar julegåveinnkjøpa sine, eller som berre rett og slett vil inn og skryta av at vi tør satsa i Os sentrum.

– Ein del har kanskje ikkje vore innom her sidan dei nytta banken, og no stikk dei nasa innanfor for å sjekka kva vi driv med.

Trur tida er rett for Os sentrum

– Ser ein historisk på det å driva butikk i Os sentrum, er det mange som har prøvd, men mange som har måtta gje opp i forsøket. Kva som som var avgjerande for at de valde å satsa i Os sentrum?

– Vi ser ei endring i folk sine handlevanar, og vi ser ikkje minst den positiviteten som ser ut til å famna om næringslivet i sentrum, fortel Marielle.

– Vi opplever at folk fortel med stoltheit når dei har handla lokalt, legg Ole Christian til.

– Vi trur heilt klart at no er tida rett for Os sentrum. Legg du til det som allereie er gjort fysisk med sentrum, og det som er planlagt vidare, ligg mykje til rette for eit levande sentrum med gode nisjebutikkar.

Nisje - men for alle

Duga har så langt sikta seg inn på den kvinnelege delen av innbyggarane. Men det kan etterkvart endra seg.

Marielle seier spøkefullt at dei valde å satsa på damene først, då dei som kjend handlar mest.

– Vi har eit og anna herreplagg, men så langt er vi mest for damene.

– Vi ville ikkje gapa over for mykje med ein gong, og vi har eit langsiktig perspektiv for Duga, seier Ole Christian. Nett no er det berre Marielle som fysisk jobbar i butikken av oss to.

– Sjølvsagt er målet at butikken etterkvart skal bli ein arbeidsstad for oss begge, men det skjer når vi er i rett posisjon. Vi jobbar no med ein nettbutikk som skal lanserast.

– Kven er kundegruppa, og kva finn ein i butikken dykkar?

– Vi har faktisk kundar i aldersspennet 10 til 70 år, men skal eg talfesta det meir eksakt, vil eg seia 25+.

Marielle fortel vidare at Duga sel treningsklede og kvardagsklede, og då klede som gjerne kan nyttast til begge delar.

– Vi ser meir og meir at folk kombinerer det komfortable med det praktiske. Det er til dømes meir og meir vanleg å kombinera ein tights med ein heilt vanleg jakke eller genser når ein er ute i kvardagen.

– Treningstøy har med åra blitt mykje meir enn plagg ein berre nyttar på trening. I tillegg har vi ein del accessories som luer, sjal, undertøy og manualar til trening.

– Alle merkene vi fører i butikken, bortsett frå eit fransk merke, er skandinaviske, legg Ole Christian til. Vi ønskjer å vera annleis enn dei typiske sportsbutikkane ein lett søkjer til når ein skal handla i dette segmentet.

På laurdagens moteshow vil dei tre butikkane syna fram sesongens klede og sko.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.