Lokal | 27. okt. 2015

– Bruk tørr ved og brikettar

Sesongens første pipebrann blei meldt måndag ettermiddag. Her får du brannsjefens råd om trygg fyring.

– Bruk tørr ved og brikettar
Brannsjef Stein Gjøsund ber folk bruka tørr ved og tennbrikettar når dei fyrar i peisen eller omnen (foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 27. okt. 2015 08:41

Måndag ettermiddag rykte brannvesenet ut med vaktlaget og ein feierbil etter melding om pipebrann i Skorvatjørno.

– Mannskapa fekk sløkt brannen og feia pipa. Sidan dei observerte sprekkdanningar i pipa fekk huseigar midlertidig fyringsforbod inntil feiarmeistaren har fått vore ute der i dag og tatt ein kamerainspeksjon av røykrøret, fortel Stein Gjøsund, brannsjef i Os kommune.

Varm i treverket

Gjøsund fortel at det kvart år er mange brannar i Noreg som startar som pipebrann, men som utviklar seg til å bli meir alvorlege.

– Om pipa sprekk opp grunna varmen i ein pipebrann kan ein oppleva at det sprer seg til treverket i taket og omkring pipa. Difor er det ei grense som seier at er det sprekkar i pipa som er større enn 3 mm så må pipa rehabiliterast før ein får lov til å fyra i den igjen. Korleis ein gjer denne rehabiliteringa er litt avhengig av kva type pipe ein har, forklarar brannsjefen

Ikkje bruk avispapir

Brannsjefen fortel at dei har gjort ein uformell undersøking om korleis brannane i piper oppstår.

– Veldig mange av dei oppstår i forbindelse med opptenning og kor det har vore brukt avispapir som opptenningsmateriale.

– Avispapir gir lange stikkflammar som gjerne går opp i røykrøret. Om det da ligg bek og sot på innsida av dette, så kan det ta fyr. Mi klare tilråing er at ein nyttar tennbrikettar i staden for avispapir.

– Boss, som mjølkekartongar og anna plastbelagt materiale skal heller ikkje i omnen eller peisen. Dette legg seg på innsida av pipa og kan i verste fall antenna, åtvarar Gjøsund.

Bruk tørr ved

Pipebrannar oppstår fordi sot og bek antenner på innsida av pipa.

– Ein av dei største årsakane til at dette oppstår er at ein ikkje nyttar tørr ved når ein fyrar. Fuktig ved lagar nemleg oftare bek i røykrøret som igjen kan antennast.

– Når det er sagt så opplever vi færre pipebrannar no enn tidlegare. Det trur eg har med at mange har installert varmepumper, som gjer at ein får eit anna fyringsmønster. No trur eg folk fyrar meir for å ta toppane, avsluttar Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.