Næringsliv | 08. des. 2009

Bruker 5000 på gåver

Vestlendingar ligg i noregstoppen når det gjeld kor mykje dei har planar om å bruka på julehandelen i år.

Bruker 5000 på gåver
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. des. 2009 08:33

I snitt seier vestlendingar at dei skal bruka 5.030 kroner på julegåver i år, eit tal som er på høgde med jula 2008. Til resten av julehandelen, mat, pynt og klede, aukar vi budsjettet med 4 prosent til eit snitt på 3.650 kroner.

Tala kjem frå ei undersøking utført av Synovate for Nordea.

- I fjor såg vi at gåvebudsjettet gjekk litt ned. Uvisse kring finanskrisa verka nok saman med høg rente inn, seier leiar for personmarknaden i Nordea på Os, Svein-Erik Halhjem.

- I år har dei fleste betre råd. Renta er lågare og det ser ut som om forbrukartilliten er tilbake hos dei fleste.

Auke på AMFI Os
Resultatet i undersøkinga svarar også til slik leiinga ved AMFI Os opplever starten på årets julehandel.

- Det er førebels tidleg i julehandelen, men samla sett opplever leigetakarane våre ei auke i omsetnaden i forhold til i fjor, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Senterleiaren sit ikkje ved pc-en sin og kan derfor ikkje koma med eksakte tal.

Også i fjor hadde AMFI Os auke dei første vekene i julehandelen. Snittet ved dei drøye 50 AMFI-sentra var ein negang på 1,4 prosent, medan Amfi Os sine to første desemberveker var 0,7 prosent betre enn i 2007.

Dei yngre drar ned
På landsbasis ser vi ut frå undersøkinga at det er dei yngre som står for tilbakegangen i juleforbruket. Spesielt gruppa mellom 16 og 24 år. Denne gruppa har planar om å redusera julegåvebudsjettet med heile 14 prosent.

Budsjettet blir halde lågt ved at dei har bestemt seg for å kjøpa gåver til færre personar, og noko rimelegare gåver.

- Dei yngste har merka innstrammingane i arbeidsmarknaden mest i kjølvatnet av finanskrisa. Det er også dei som normalt må gå først når bedrifter har nedbemanning. Samstundes har dei låge lån og me rkar derfor mindre til at renta er låg. Det er naturleg og fornuftig at dei då kuttar på denne typen utgifter, seier Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.