Brutalt møte med naturen
Barnehagebarn såg hauk dra hodet av due. ÅTVARING: BLODIG BILDE.
Bildeserie:
– Der datt dei ned, sa Rasmus til Aslaug om fuglane dei såg i lufta.
Ungane frå Skorvane Fus barnehageavdeling Strøno var på tur i skogen nedanfor fotballbanen då dei såg høg aktivitet mellom to fuglar i lufta.
– Dei skjønte nok ikkje der og då at dette var ein kamp om liv og død, seier pedagogisk leiar Anne S. Moberg.
Ungane ville bort og sjå der fuglane «datt ned». Det fekk dei lov til. Der fann dei ei due utan hode.
Takla det bra
Barnehageleiaren seier ho ikkje har inntrykk av at ungane fekk inntrykk av at det var kamp dei hadde sett i lufta rett før, sjølv om dei forsto det etterpå.
– Dei takla også bra det å finna ein blodig fugl. Vi fekk ein prat om naturens gang. Så plukka ungane skogstjerner som dei la rundt fuglen før vi hadde ei stille stund, fortel Moberg om den noko spesielle og brutale naturopplevinga.
Dua var ringmerkt med nr 611.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.