Lokal | 22. juli 2017

Brydde seg ikkje om besøksforbod

Kvinne ringte politiet då mannen banka på døra på morgonkvisten.

Brydde seg ikkje om besøksforbod
Politiet rykte ut og leita etter mannen (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. juli 2017 07:40

Fredag klokka 08.36 fekk politiet melding om brot på besøksforbod.

– Ein mann som er ilagt besøksforbod oppsøkte kvinna han ikkje har lov å besøka, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Ein patrulje rykte ut, men då var mannen vekke.

– Han visste truleg at vi var på veg. Vi leita etter han, men fann han ikkje.

Politiet seier mannen er meldt og at dei ser svært alvorleg på saka.

– Har han brote forbodet før?

– Ikkje som eg veit, men det er eit ganske ferskt forbod. Det er uansett ei alvorleg sak, det er ein grunn til at han er ilagt forbodet, dette skal gje motparten ei kjensle av tryggleik. Då vil det òg få konsekvens om det blir eit brot på dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.