Lokal | 21. jan. 2014

– Brygga er ròten

Delar av brygga utanfor Vindu mot Fjorden blei øydelag i jula. I dag var redningsdykkarar frå brannvesenet på inspeksjon.

– Brygga er ròten
Sånn ser den øydelagte og avsperra delen av brygga ut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. jan. 2014 14:43

I julehelga blei det observert at ytste del av brygga utanfor bustad- og næringskvartalet Vindu mot Fjorden hadde sige saman.

Den øydelagt delen av brygga blei sperra av. I dag var redningsdykkarar frå Os brannvesen på inspeksjon.

– Heilt oppeten

– Vi utførte i dag ein kombinasjon av dykkarøving og inspeksjon, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Dykkarane inspiserte og filma det dei såg av brygga under vatn.

– Det var mykje material som var heilt oppeten. Det såg ikkje bra ut.

Teknisk eining overtar

Brannvesenet held no på å samla saman dokumentasjon for overlevering til teknisk eining i Os kommune.

Årsaka til at brygga, som berre er rundt 8 år gamal, no er ròten er uvisst. Feil materialbruk kan vera blant årsakene.

Om større delar av brygga blir sperra, og kven som får ansvaret med å retta opp i feilen, er førebels også uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.