Lokal | 19. mai 2017

Bryt du dette, kostar det 5350 kroner

Os sentrum er skilta med innkøyring forbode mellom 23 og 06. No vil politiet bøtlegga dei som bryt forbodet.

Bryt du dette, kostar det 5350 kroner
Bryt du innkøyring forbode-skiltet vankar 5350 kroner i bot (foto: AH)
Andris Hamrefredag 19. mai 2017 12:09

Fredag har det blitt skilta innkøyring forbode i sentrum i perioda kl 23-06, med underskilt: Gjeld ikkje taxi, varelevering og fastbuande.

– Politiet har dei siste månadane gitt ei rekkje muntlege åtvaringar til personar som har køyrd mot oppsatt skilt. Vi ser, særleg i helgene at det framleis er mange som ikkje følgjer skiltinga og trafikken er aukande, seier Audun Hadler-Olsen, politioverbetjent ved Os lensmannskontor.

5350 kroner i bot

Politiet vil difor framover reagera med skriftlege bøter.

– Bøtene er på 5350 kroner for køyring i strid med skiltinga. Publikum blir oppfordra til å følgje skiltinga, avsluttar politioverbetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.