Lokal | 03. des. 2015

Budsjettvinnarane!

Born og unge blir årets budsjettvinnar uansett kva budsjett politikarane landar ned på.

Budsjettvinnarane!
Barn og unge er budsjettvinnarane i dei politiske framlegga til budsjett for 2016. (foto frå feiringa av 100 årsjubileet til Os barneskule: AH)
Andris Hamretorsdag 03. des. 2015 08:25

Det er klart etter at dei politiske partia presenterte sine framlegg til budsjett for 2016 i formannskapet tysdag.

Posisjonen: Legg på nesten 4 millionar

Fleirtalskonstellasjonen med Frp/H/KrF/V legg på

  • 2,3 millionar til prosjekt betre læringsresultat,
  • 1 million til læremiddel/bøker i skulen,
  • 600 000 til helsestasjon/jordmordtenesta,
  • gjer støtta til Bjørnafjorden utdanningsmesse på 80 000 kroner permanent.

– Vi har hatt mange diskusjonar om enkelttiltak, men har konkludert med forslag om å auke løyvinga til prosjekt betre læringsresultat med 2,3 millionar og la styringsgruppa få prioritera i samarbeid med administrasjonen, kommenterte Terje Søviknes (Frp) då han presenterte framlegget.

I framlegget ber koallisjonen at ein spesielt vuderar oppretting av meistringsteam/kompetanseteam også på barnetrinnet og at ein jobbar vidare med kvalitetsutvikling og tidleg innsats.

Eingongssummen på 1 million til ekstra innkjøp av læremiddel/bøker i barneskulen ser koallisjonen på som ein føresetnad for å lukkast med prosjekt betre læringsresultat. Ein treng då oppdaterte og felles læremiddel.

Som ei oppfølging av satsinga på helseførebyggjande arbeid i statsbudsjettet for 2016 vil fleirtalet nytta 600 000 til ei ny stilling ved helsestasjonen (50% jordmortenesta og 50% generell styrking av helsestasjonen).

Opposisjonen: Legg på nesten 6 millionar

Også mindretalskoallisjonen med Ap/Sp/TvS/MDG satsar på born og unge i sitt framlegg til budsjett.

  • 400 000 til skulepsykolog
  • 5,55 millionar til auka ramme for oppvekst

– Ei framtidsretta utvikling må ha ein solid grunnmur. Barna er framtida og skulen må prioriterast med tilstrekkelege fasiliteter og utstyr. Fagmiljøa må sjølv få vera med på prioriteringane, sa Tone Hepsøe (Ap) då ho la fram partia sitt forslag.

I forslaget legg dei fire partia inn ei ny stilling som skulepsykolog med 400 000 i 2016 og 700 000 i dei påfølgjande åra. Grunnen til at summen er mindre første året er at ein då får delfinansiering frå staten.

Den auka ramma for oppvekst ber opposisjonspartia blir nytta til å betre tenestekvaliteten. Partia ser for seg at midlane vert nytta til mellomanna meistringsteam, lærartettleik, konkretiseringsmaterielle - særlig til matematikk og naturfag, prosjekt betre læringsresultat, dei utrulege åra og anna. Partia har òg lagt inn den årlege kostnaden til utdanningsmessa i summen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.