Bunnpris vil bygga
Bunnpris vil bygga ein 1000 kvm stor butikk i Solbakken. Utfordringa blir å finna ei god vegløysing.


Tidlegare i haust kjøpte Bunnpris ei 13 mål stor tomt mellom Solbakken og Halhjemsvegen.
- Vi vil bygga ein 1000 kvadratmeter stor butikk på tomta, fortel regionsjef Thomas Sandland til Midtsiden.no.
Jobbar med vegløysing
Ifølgje RadiOs fryktar fleire av naboane til næringsområdet auka trafikk på den smale vegen.
- Eg forstår at naboane til tomta ikkje ønskjer auka trafikk på vegen, men vi meiner vi har funne ei god løysing.
- No er vi i dialog med både kommune og vegvesen, og fram til noko er bestemt vil eg ikkje seia meir om kva alternativ det er snakk om, seier regionsjefen.
Vil dekka behov
Bunnpris har rundt 200 butikkar i Noreg, 13 av dei i Hordaland, førebels 1 av dei i Søre Øyane i Os kommune. I februar er dei oppe 19 butikkar i Hordaland, og ekspansjonen held fram.
- Mange trur vi berre har små butikkar, men vi har fleire på over 1000 i fylket, og butikkane vi skal bygga framover er også store.
Sandland meiner områda sør i Os, på Halhjem og Nore Neset, har behov for ein større daglegvarebutikk i nærleiken. Butikken i Solbakken er førebels den einaste dei har planar om å bygga i Os.