Os Fotball A-lag | 11. sep. 2021

– Burde tatt med oss poeng i dag

Os tapte borte for Fyllingsdalen i dag.

– Burde tatt med oss poeng i dag
Roger Ekeland skåra sitt sjette mål for sesongen. Her heime mot Fyllingsdalen i 3-3-kampen i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. sep. 2021 18:56

Os spelte i dag borte mot Fyllingsdalen.

Fyllingsdalen ligg eitt poeng bak serieleiar Frigg, og står med siger i alle fem første rundar, med unntak av nettopp oppgjeret mot Frigg.

– Dei starta betre enn oss og fekk eit mål på dødball. Men siste kvarteret kom vi oss og skapte nokre sjansar, men dei fekk eit mål til på noko som for meg såg ut til å vera på unødvendig vis, seier Os-trenar Endre Brenne.

Os reduserte i 74. minutt og 2-1 sto seg kampen ut.

– Vi var ikkje heilt skarpe i dag, men det var heller ikkje Fyllingsdalen, synest eg. Samla sett var det ein jamn kamp, og eg er skuffa over at vi reise tomhendt heim.

Os var utan David Cardenas Trias i dag. Han er heime i Spania.

Lars Hadler-Olsen, som kom frå Lysekloster til Os i 2020, har spelt for både Os 2 og Os G19, og fekk debuten sin for A-laget då han kom innpå i 87. minutt.

Fyllingsdalen - Os 2-1 (1-0)
Målskårar, Os: Roger Blokhus Ekeland.

Os: Kasper Sandven Færøvik - Anders Havsgård, Carl William Lafquist-Lygre, Torgeir Lunde, Sander Dyngeland - Kristian Hjelvik Halvorsen, Steffen Kvamsdal, Viktor Mendonca Wikheim - Thomas Stene Spilde, Roger Blokhus Ekeland og Rune Mo
Innbytarar med speletid: Niklas Lunde Fosen, Kristoffer Røttingen og Lars Hadler-Olsen.

Os ligg på 6. plass med 8 poeng, to poeng bak Stord.

Os speler neste kamp heime mot serieleiar Frigg laurdag (frå 14.30).

Andre resultat frå 6. serierunde:
Brann 2 - Frigg 2-3 (begge B2-måla av osingen Elias H. Myrlid)
Bjarg - Fjøra 3-2
Lysekloster - Fana 1-2

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.