Os Fotball A-lag | 28. aug. 2021

Sesongens første tap

Os kom ut av rytmen borte mot nyopprykka Bjarg.

Sesongens første tap
Sist Os spelte mot Bjarg blei det 6-2-siger. Her skårer ErikKanestrøm eitt av dei. Bjarg rykte ned same sesong. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. aug. 2021 18:01

Os spelte i dag borte mot Bjarg, som rykte opp i 2019, men som alle andre måtte venta til 2021 med å få spela Norsk Tipping-ligaen igjen.

Sist laga spelte seriekamp mot kvarandre var i 2016. Då vann Os 6-2, og Bjarg rykte ned same sesong. Då stilte Os med blant andre Andrew Todd i mål, Hassan El Fakiri, Stian Lunde og Endre Brenne frå start.

Bjarg har klart seg bra tilbake i 3. divisjon, med 0-1-tap for Fyllingsdalen og 3-2-siger over Stord, men tapte førre kamp borte mot Frigg 6-0.

Os har starta sesongen med to sigrar og ein uavgjort, men dagens kamp gjekk ikkje som venta.

Bjarg - Os 3-1 (2-0)
Målskårar, Os: Roger Ekeland
Kampfakta på fotball.no

Christiffer Hafsås, som gjekk frå Os til Bjarg i 2019, spelte frå start og fram til 63. minutt. Han var ikkje blant målskårarane i dag, men skåra 16 mål på 18 kampar for Bjarg i 2019.

– Eg reknar Os som eit betre lag enn Bjarg, og vi starta best. Men etter eit uhell som førte til 1-0 til heimelaget mista vi grepet om kampen, fortviler trenar Endre Brenne.

Rune Mo var uheldig med eit tilbakespel til keeper som blei for kort, og Bjarg-spissen fekk ein enkel jobb.

– Rett i forkant var vi åleine med keeper. Vi kom oss i andre omgang, og reduserte til 2-1, men samla sett blei det ikkje godt nok i dag.

Med unntak av Torkel Hjertnes, som måtte ut med smerter i lysken i 35. minutt, blei det ingen skade i dag.

Måndag om 9 dagar tar Os imot Lysekloster til derby på Kuventræ.

Lysekloster speler i morgon heime mot Brann 2.

Andre resultat frå Norsk Tipping-ligaen i dag:
Årdal - Fyllingsdalen 0-3
Fana - Lyn 3-1
Fjøra - Frigg 1-2
Ready - Stord 3-3

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.