Lysekloster spelte både NM-kamp og to serierundar mot Øystese i fjor, og vann berre éin av dei.
I dagens serieopning på heimebane såg det også ut til å bli tøft.
SJÅ VIDEO AV TRE FRISPARK-MÅL NEDST I ARTIKKELEN
– Dette er den finaste måten du kan vinna fotballkampar på. Det blei spennande, men vi klarte heldigvis å ta full pott, seier trenar Torbjørn Birkelund.
Lysekloster - Øystese 4-2 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Preben Borgen 2, Preben Skorpen og Lars Henrik Skage
Lysekloster (4-3-3): Chris Sunde - Baste Jonassen (Kristian Magnussen frå 78.), Knut Eriksen Eide (Tore Valvik frå 73.), Aleksander Andersen, Preben Skorpen - Simen Birkelund, Preben Borgen, Johannes Jordal - Joakim Hjelmeland (Ramo Racic frå 62.), Lars Henrik Skage og Kim Kleivedalen.
Straffe, utvising og utlikning
Begge lag hadde kvar sine sjansar før gjestane sin kaptein blei felt ute på sida, men innanfor 16-meteren.
Mathias Lund sette inn straffen og gjestane tok leiinga i 14. minutt. Gjestane hadde også overtaket fram til det sto rundt 10 minutt igjen av omgangen.
Då kom det nokre tette sjansar til Lysekloster. Kleivedalen, Jordal og ein veldig flittig Hjelmeland sørgja for at heimelaget kom i press.
Så kom lynraske Lars Henrik Skage seg nesten forbi midtforsvaret, rundt 20 meter frå mål, men blei stoppa av tidlegare Os-spelar Erlend Grønner.
Grønner fekk raudt kort og frisparket blei sett rett i nota av Preben Borgen i 36. minutt.
Sleit med å punktera kampen
Både før og etter pause pressa heimelaget. Det blei også skapt store sjansar, men berre éin av dei gjekk inn.
Eit frispark av Johannes Jordal frå sida av 16-meteren førte til litt klabb og babb i boksen til Øystese før Preben Skorpen bestemt sette ballen inn til 2-1.
Lars Henrik Skage kom åleine med keeper to gongar på eitt minutt, men mista ballen frå seg første gong og skaut så vidt utanfor lengste stolpe på forsøk nummer to.
Så tok gjestane over med éin mann mindre.
– Vi burde avgjort kampen tidlegare. Og vi burde ikkje blitt så statiske som vi blei etter 2-1-skåringa.
Det blei innlegg, cornarar og to skumle frispark. Eitt av dei gjekk rett inn, Lund utlikna i 60. minutt og Øystese var med i kampen nesten omgangen ut.
Borgen igjen
Lysekloster gav ikkje opp og Kleivedalen var i full fart på veg mot mål då Cato Guntveit heldt han igjen.
Preben Borgen sette nok eit frispark rett i mål i 85. minutt.
– Det er fleire andre på laget sommeiner dei bør setja frisparka, men det kan dei berre gløyma når vi har Preben Borgen, seier Birkelund.
– Med to fulltreffarar i dag kan han dessutan bomma nokre gongar no før vi eventuelt prøver nokre andre, ler trenaren.
Tre minutt seinare kom Skage gjennom igjen, og denne gong missa han ikkje. Lysekloster vann 4-2.
VIDEO: Sjå alle dei tre frispark-måla i dagens kamp. (Foto: KVB)