Kultur | 04. aug. 2014

Burger-kongen gjorde comeback

For 17 år sidan dreiv han eigen burger-kiosk i Os. Under Osfest selte Silvio over 700 burgarar.

Burger-kongen gjorde comeback
Silvio Reich, som dreiv burgar-kiosk i Os for 17 år sidan, var tilbake med eigen oppskrift under Osfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. aug. 2014 13:23

Er du gamal nok til å hugsa Silvio's, kiosken som låg ved det den gong nye bustadprosjektet Flåten Terrasse – så syntest du kanskje det var noko kjent med smaken på hamburgarane du fekk servert under Osfest.

– Ja, det er den gamle oppskrifta, stadfestar Silvio Reisch.

Det er 17 år sidan han la ned kiosken, der han serverte burgarar med si eigen unike oppskrift på kjøt og dressingar.

I helga fekk han fleire oppmodingar om å opna ny kiosk.

Selte 720 burgarar på 2 dagar

– Det har vore veldig kjekt, men eg har ingen planar om å opna kiosk igjen. Eg hadde eigentleg ingen ambisjon om å stå i grillen under Osfest, heller, men så blei det sånn at dei gav meg ansvar for maten, og då måtte vi gjera det skikkeleg.

Silvio bestilte 750 burgarar av eigen oppskrift. Søndag var det berre 30 igjen.

– Det var fantastisk å ha med Silvio på dette. Dei siste 30 burgarane steikte han då vi gjekk og rydda på plassen søndag.

– Vi håper å ha Silvio og burgarane hans med til neste år òg, dei er jo ein attraksjon i seg sjølv, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.