Bygger lys frå Lyngheim til Solstrand
Kyststien klar om tre veker.
Torsdag starta arbeidet med å å legga straum i bakken til nye lampar langs delar av Strandvegen, òg kalla Kyststien, frå Lyngheim til Solstrand.
– Vi reknar med å vera ferdig med graving, rør og fundament om to veker, seier Bård Anders Botnevik frå Botnevik Samdrift.
Firmaet har rammeavtale med kommunen. Bård Anders har med seg Endre Botnevik på oppdraget.
Når dei er ferdige kjem BKK og monterer lampane.
– Eg trur det er rundt 15 lampar. Blir det nokre ekstra så legg vi òg lys bort til leikeplassen.
Bjørnafjorden kommune ber turgåarar ta omsyn til arbeidet og passera varsamt.
– Om tre-fire veker kan du trygt legga lykta frå deg når du skal gå tur mellom Lyngheim og Solstrand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.