midtsiden

Bygger med hjelp frå Os

Barneheimen Nsumba i Uganda utvider med pengar frå Os. I morgon er det auksjon og Uganda-utsal til inntekt for fotballaget deira.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Nornekoret i Os, med Tove Tvedt Skarstein i spissen, arrangerte i vår innsamlingskonsert og loddsal for barneheime Nsumba. Inntektene skulle gå til toalettanlegg i den nye sovesalen og no er anlegget unde bygging.

– No kjem fotballspelarane ved barneheimen til Noreg igjen, for å delta på Norway Cup, og då blir det ny auksjon så spelarane kan få litt lommepengar medan dei er her, seier Tove.

I fjor på denne tida var spelarane på Kuventræ og fekk treningskamp mot jenter frå Os. Det kan du sjå bildeserie og video frå her.

– Dei kjem med svært lite og skal vera her i to veker. Eldsjelene i stiftinga Bring Children from Street i Bergen, ved Richard Kiwanuka og Hilde Køppen, skaffer jentene det meste og ordnar med alt det praktiske. 

– Dette arbeidet synes eg det er verdt å støtta. Alle inntektene frå auksjonen laurdag går uavkorta til Nsumba. I tillegg til auksjonen har Kiwanuka med seg mange spennande varer frå Uganda som vi sel i eige eksotisk utsal no under marknadsdagane, fortel Tove.

Auksjonen startar klokka 12. Fleire ulike butikkar og firma har gjeve varer til auksjonen, der du både kan gjera eit kupp og støtta ei god sak i same slengen.

Sjå òg: www.bringchildren.com

Fleire saker