Kultur | 26. mars 2017

Bygger venterom (!) og avduker Elvis

Er-An Veikro vil gjera det betre å venta på bord. På venterommet kjem ein Elvis som har vore gjennom ei spennande reise.

Bygger venterom (!) og avduker Elvis
Firas, Erla og Linda saman med Elvis-dukka som skal avdukast med stor fest og konsert laurdag 6. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 26. mars 2017 21:53

Bildeserie:

– Det var brutalt, seier Linda om å kappa beina av Elvis for transport til Noreg. (Privat foto)
– Det var brutalt, seier Linda om å kappa beina av Elvis for transport til Noreg. (Privat foto)
AB Service og Marete Bakke har tatt tolarenovering i all løyndom. (Privat foto)
AB Service og Marete Bakke har tatt tolarenovering i all løyndom. (Privat foto)
No er fasaden riven for tilbygg. (Privat foto)
No er fasaden riven for tilbygg. (Privat foto)
Når tilbygget er ferdig kjem Kjell Elvis og tre andre band for å spela. (Privat foto)
Når tilbygget er ferdig kjem Kjell Elvis og tre andre band for å spela. (Privat foto)
1 av 4

Torsdag starta rivinga av delar av fasaden på Er-An Veikro. Samtidig har innehavar Linda Furhovde Andersen din siste tida skrive kryptiske meldingar om ein Elvis som er på veg til rock ’n’ roll-kroa på Røykenes.

– Vi har aldri hatt så tidleg sesongstart som i år, og vi har aldri hatt sånn pågang i lågsesongen før. Det er spesielt søndagane som er travle, og fleire av dei siste søndagane har vi hatt fullt hus frå klokka 13.30 til 18-19.

• Les òg: Best av 14.000 ASKO-kundar

Betre for dei som ventar - og for dei som har fått bord

Vegkroa har planar om å bygga ut, i første trinn er det snakk om å bygga inn vinterhagen, som er ned mot vatnet. Men dette kjem tidlegast til hausten, kanskje i 2018.

• Les òg: Til USA for å henta inspirasjon til utviding

– I mellomtida ønskjer vi at dei som ventar på bord skal få ein god stad å sitja. I dag har vi ein ventebenk med plass til fem, noko som er for lite. No lager vi eit nytt inngangsparti, som blir som ein kombinasjon mellom venterom og museum. Her vil vi ha historiske bilde på veggane og litt å bla i.

– Eit venterom vil dessutan gjera besøket hyggelegare for dei som allereie har fått bord. Folk skal få nyta middagen og desserten i fred, utan å føla at dei må skynda seg å gje bordet til nestemann. Det blir ti plassar på venterommet, der gjestane både kan få litt å drikka og ein meny å bla i.

Avduking og stor Elvis-fest

Det nye innganspartiet, med venterom, skal stå klart i starten på mai. Restauranten blir open i heile byggeperioden.

Når alt er klart skal Elvis på plass på venterommet - laurdag 6. mai blir det avduking ved representantar frå Norwegian (!) og stor Elvis-fest i restauranten og i telt på baksida.

– Eg har lenge sett etter ein Elvis-figur, og fann den i min andre «heim», Puerto Rico på Gran Canaria. Denne er restaurert på beste vis av fagfolk frå Os, og når vi skal ha avduking blir det med fleire band som syng og speler Elvis-musikk.

Kjell Elvis og tre andre band på plakaten

Ja, Kjell Elvis (Kjell Henning Bjørnestad) kjem. Ved sidan av Europas beste Elvis-imitator skal Twang Gang, Vossa Rebels og eit lokalt, skreddarsydd band med Jan Haaland i spissen, synga Elvis så det ristar i softisen på Røykenes.

– Erlend Styve frå Twang Gang er ein racer på Elvis, og han er far til to av dei talentfulle gutane i Vossa Rebels. Begge banda har vore her fleire gongar før, blant anna på opningsfesten til kroa, og det utruleg kjekt at desse travle musikarane vil vera med på å laga Elvis-fest her.

Lokale musikarar har òg samla seg for å hylla Elvis på Er-An Veikro.

Jan Haaland (vokal og gitar), Steinar Lyssand (gitar) og Nils Midtseter (trommer) frå Spennin’ Out stiller med seg Olav Skorpen (bass).

– Eg liker mykje av musikken til Elvis, særleg den han lagde dei første åra, før han reiste i militæret, seier Jan.

– Vi skal ikkje prøva å vera Elvis, men vi skal spela musikken hans på vår måte.

30 år gamal «maskot» frå Puerto Rico

Årsaka til at Linda Andersen kalla Puerto Rico for sin andre heim er at ho og familien har budd på Gran Canaria kvar vinter i rundt 15 år. Dette var før Er-An Veikro blei riven og bygd på nytt som amerikansk diner.

Då Linda i haust var tilbake på ferie var ho og besøkte den nye baren til eit gamalt venepar.

– Dei dreiv den populære restauranten Star Club i kjøpesenteret i Puerto Rico i rundt 30 år. Eg var stamgjest, og der hadde dei ein stor, karakteristisk Elvis-figur ståande. Det er nok mange osingar òg som har bilde av seg sjølv saman med denne frå tidlegare Syden-turar.

– Då dei nyleg selte restauranten opna dei ein ny pub ved stranda, Little Star Bar.

«Kvar er Elvis?» var det første Linda spurde om då ho såg innehavar, Alfred. Ho fekk som svar at han hadde tatt vare på han, men at han ikkje passa inn på Little Star Bar, og derfor låg på eit lager.

– Eg fekk beskjed om at «om det var nokon som skulle få Elvis så var det meg», seier Linda nøgd og takksam.

Då ho skulle frakta den 210 cm lange Elvis-dukka heim ringte ho til ein pilot ho kjenner i Norwegian, Per Storli, for å høyra korleis ho skulle gå fram. Han ordna med Norwegian Cargo, som endte med å sponsa reisa til Elvis.

– Men eg måtte saga av han beina, for han var for lang. Det var ganske brutalt, men naudsynt, seier Linda og ler.

Heime i Os er Elvis sine blue suade shoes plastra på igjen av båtreparatør Atle Berge og lakkert på nytt av Marete Lund Bakke. Sponsor Norwegian kjem med fire representantar og tar sjølve avdukinga.

– Resultatet er heilt fantastisk, og absolutt verdt ein seremoni og ein konsert! meiner Linda, som fram til avdukinga har fotoforbod av Elvis.

Avduking og Elvis-fest blir laurdag 6. mai. Billettsalet startar oppunder påske.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.