Lokal | 17. nov. 2011

Byter 40 feste

Strønebrua er igjen anleggsplass. I løpet av to månadar skal 40 feste bytast.

Byter 40 feste
Andris Hamretorsdag 17. nov. 2011 14:10

Tidlegare i veka kom ein anleggsrigg med telt opp midt på Strønebrua. Den kjem til å vera der i om lag to månader.

- Vi skal byta ut 40 av desse brufesta, forklarar Przemek Skowronski frå Lie Overflate Teknikk og peiker.

Bevegelse i bruka kvar gong ein bil kjører over ho gjer at festa som går fra hengekabelen ned i sjølve brua har blitt slitne og må bytast ut.

- Først var planen berre å sandblåsa og behandla med sink og maling for å løysa rustproblem, men då vi byrja å sjå på det såg vi at hola stengene ned frå vaieren er festa i var blitt elipseforma som følgje av bevegelse.

- Derfor blei det bestemt at vi skulle byta ut heile festet, forklarar Skowronski.

3 dager for kvart feste

Det er ein omfattande jobb Skowronski gjer saman med kollega Wieslaw Lubowicki. Kvart av festa som skal byttast ut må først pakkast inn i telt kor temperaturen aukast til 25 gradar.

- Det må vera ein viss temperatur på metallet før vi kan behandla det.

Deretter må dei to montera to midlertidige feste før dei kan fjerna det gamle, sandblåsa hengewiren og bruplata.

- Når det er gjort legg vi på eit lag med sink og grunning før det kjem tre lag med maling på toppen.

- Først då kan vi montere dei nye festane som er laga i rustfritt stål og behandla slik at dei skal tåle både vêr og svigningar i brua, forklarar Skowronski.

Kvart feste bruker dei om lag 3 dagar på å skifta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.