Samferdsle | 14. apr. 2024

Byvegen opna igjen

Blei ferdig i natt likevel.

Byvegen opna igjen
Byvegen søndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. apr. 2024 07:41

Vassleidningsbrotet fredag formiddag førte til stenging av Byvegen fredag kveld.

Arbeidet sto oppført som at det skulle vara til søndag klokka 18, men før klokka 07 søndag morgon var vegen opna igjen, i begge felt.

Lekkasjen var i same område som i juli i fjor, og to gongar i februar 2023, denne gong nokre meter lengre nord.

Røyra som blei skifta i helga skal vera kopla på dei nye røyra lengre sør. Dermed er nesten heile kryssinga under Byvegen fornya, berre nokre få meter nær fortauet på Jordmorsvingen-sida er gamle.

Skifte av hovudvassleidning: Det påverka området er markert i lilla.
Les ògStenger eitt felt i fire månadar

Det er likevel ikkje heilt fri flyt på Byvegen, som òg var stengt ein lengre periode i haust, grunna utskifting av røyr til bekk.

Arbeidet på Byvegen mellom Gymnasvegen og Idrettsvegen, som starta 13. februar, fører til at det eine feltet er stengt, det andre er regulert med lys.

Dette arbeidet skal vara til 30. juni og består av utskifting av nettopp hovudvassleidning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.