Samferdsle | 07. feb. 2024

Stenger eitt felt på Byvegen igjen

Arbeidet skal halda fram til juli.

Stenger eitt felt på Byvegen igjen
Skifte av hovudvassleidning: Det påverka området er markert i lilla.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 07. feb. 2024 14:05

I neste veke startar omfattande gravearbeid i Byvegen.

– Det skal gravast grøft for legging av ny hovudleidning for vatn, opplyser Siril Langhelle, prosjektingeniør i Bjørnafjorden kommune.

Arbeidet skjer mellom avkøyrsla til Kiwi Idrettsvegen og fram til avkøyrsla til Gymnasvegen.

Det er Løvaas Maskin og Rørleggeriet som utfører arbeidet.

Trafikale endringar frå måndag 12. februar er:

  • Stenging av eitt køyrefelt
  • Lysregulering på strekket
  • Stengt gangveg mellom avkøyrslene

Arbeidet er planlagt å halda fram til 5. juli.

– Kommunen vil i tida framover ta kontakt med grunneigarar som vert direkte råka av arbeida, etterkvart som framdrifta går sørover langs strekninga, informerer Langhelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.