«Cats» for kids
Med den same inspirasjonen som verdskjende «Cats» besøker barnemusikalen «Mjau» Oseana fredag.
Andrew Lloyd Webber sin verdskjende musikal «Cats» spelte 21 år på West End i London. Musikalen er omsatt til 21 språk, deriblant norsk. Musikkspelet er basert på Old Possum's Book of Practical Cats av T. S. Eliot.
No har Irene Ahnéll og teatergruppa Krabatene latt seg inspirera av dei same dikta i det dei har skapt mikromusikalen «Mjau».
- Eg satt og leste dikta på norsk og tenkte at dette var noko som kunne bli spennande også for born, fortel Irene Ahnéll.
12 kattar i tre personer
I staden for å bruke dikta direkte lot Ahnéll seg inspirera til å lage heilt nye tekstar og nyskreven musikk.
- Eg tykkjer vi har fått til ein artig liten historie om kattar sitt liv.
I «Mjau» møter du både krimkatten Mapyteron, teaterkatten Klas, umuliuspusen Gropius, og dei to kattane Ringoharri og Ramponille, som er både operakattar og rampekattar. Ahnéll kler dei forskjellege rollane saman med Andreas Holt og Yvonne Algerøy.
Frå Kaptein Knurr til malande kattar
Framsyninga er for born frå 3-4 års alderen, ei målgruppe Ahnéll og Krabatane er godt kjende med.
- Vi er nok mest kjend for framsyningane «Kaptein Knurr og Mareminemysteriet» og «Mysteriet i Pepperkakebyen».
- Desse har vi ikkje vore på Os med tidlegare, men det er ikkje første gang vi spelar i det fantastiske kulturhuset de har fått på Os, fortel Ahnéll.
Ho var nemleg på Os tidlegare i vinter med musikalske perler i «Lys i Lampen».
«Mjau» hadde premiere på Barnas Kulturhus i Bergen 21. april og har rukke ein kjapp tur til Haugesund Teater før dei no vitjar Os.
- Vi fekk ei kjempemottaking båe stadene. Ungane sit og følgjer intenst med, medan dei vaksne sit og humrar, avsluttar Ahnéll som ser fram til eit nytt besøk på Os.