Champagne-sprøyt på Halhjem
Sjå stor bildeserie av den historiske ferje-dåpen i går.
I går blei alle ferjene i sambandet Halhjem – Sandvikvåg døypt. Aldri før har fem ferjer blitt døypt på løpende bånd, samtidig som dei gjekk i normal rute.
– Dette har vore ein stor dag for selskapet, og det har vært ein stor dag for alle som er avhengig av dette sambandet, sa administrerande direktør Torkild Torkildsen i Torghatten Nord.
– Vi overtok dette sambandet 1. januar i år, og vi er komne for å bli.
– Det er viktig for oss å bidra til at sambandet fungerar kvar dag, heile året. For samarbeidet i næringslivet i Hordaland og Rogaland er dette sambandet også ei livsnerve. E39 er en del av sentralnervesystemet her. Då er vår jobb å sikra at forbindelsen til ei kvar tid fungerer, sa Torkildsen.
Torkildsen stilte sjølv med fire ny-sydde sting og plaster i panna.
– Eg hadde eit heller ublidt møte med ein leider i morgontimane i dag, men det er ikkje nok til å stoppa denne historiske dagen.
Stolte gudmødre
På løpende band sto gudmødrene klare for å døypa båtane.
Påtroppende ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, var svært fornøyd med de nye ferjene.
- Det er særs viktig at dette sambandet fungerer slik at vi kan opprettholda samfunnsstrukturen i kommunene rundt Bjørnafjorden. – Vi ser at dette ikkje berre er viktig i et samferdsleperspektiv, men viktig for hele Vestlandet, sa ho.
I tillegg til Trine Lindborg som var gudmor for MF Huftarøy, var desse gudmødre;
• Tone Soleng Wilsgaard (DNB) - MF Samnøy
• Jane Bordal (Leder for vegseksjonen inkl.ferjer i Vegdirektoratet) - MF Færøy
• Kathrine Granheim (intern Torghatten Nord) - MF Flatøy
• Kirsti Jæger Torkildsen (intern Torghatten Nord) - MF Lysøy
Baug ut for Lindborg
Trine Lindborg måtte innrømma at ho var smått nervøs då det var hennar tur.
– Kva om flaska ikkje knuser då? Eg kjem til å få så mykje pes frå handball-venninnene mine. Det er jo litt som å treffa mål, berre at her er målet gigantisk.
Lindborg hadde rett i å vera nervøs. Tidlegare på dagen hadde det teke to forsøk å døypa den eine ferja.
Til nyskriven fanfare frå Karl Ole Midtbø, og framførd før av «Team Midtbø»; Karl Ole, kona Ruth Elin og dottera Ragnhild Kristine tok Lindborg plass på scenen.
– Eg døyper deg Huftarøy. Måtte hell og lykke følgja deg og mannskapet ditt.
«Kloink!»
«Kloink!»
På tredje forsøket vart det hell og lukke for Lindborg, og applausen kunne bryta ut.
– Du veit, alle gode ting er tre, sa ei flirande Lindborg etter at ho hadde gjennomførd sin første skips-dåp.
Stort besøk på Solstrand
Den historiske dåpen vart avslutta på Solstrand i går kveld.
Klokka 17 kunne MF Lysøy leggja til djupvasskaien utanfor Solstrand.
Hummerteinene som dagen før hadde skapt problem var vekke, og inviterte gjestar som hadde segla frå Halhjem kunne gå i land og fortsetja festen.