Claudia toppa kvelden!
Det var dinermat, amcar, høgoktanbensin, boots og Claudia Scott på anlegget for country & western-folket på fredag.
Bildeserie:
For andre året på rad samarbeidde Os Amcar klubb, Er-An Veikro og Oseana Kunst & Kultursenter om ein country & western-kveld. I år samla arrangementet godt over 200 konsertgjengarar i Oseanasalen.
For å setja den perfekte stemninga hadde arrangørane booka inn Claudia Scott, som i desse dagar markerer 25 år som soloartist.
Kortesje frå kommunegrensa
Etter eit korrekt vegmåltid hos Linda Andersen på Er-An Veikro, køyrte bilane frå Os Amcar Klubb i kortesje til Oseana. Nabolaget kjende nok godt den imponerande samlinga av V8-motorar som rumla og rulla opp køyrebrua til kulturhuset.
Vêret var ikkje på nokon si side denne kvelden, så etter nokre raske bilete utanfor, hasta publikummet inn i varmen til miljøfyrtårnet Oseana.
Nesten dans på lokalet
Ei vital og energifull Claudia Scott leia det godt vaksne publikummet gjennom ei musikalsk reise. Låtvalet refererte til opplevingar i livet hennar, ispedd underfundige historier og betraktningar. Det heile veksla mellom rolege, sarte låtar og reine energibomber, kor berre det faktum at publikum sat i eit amfi forhindra tillaup til dansing.
Som dei to ansvarlege damene for arrangementet, Linda Andersen frå Er-An og Berit Steen frå Oseana sa;
– Og alle var einige om at det har vore ein fin kveld!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.