Fotball | 11. juni 2022

Comeback-Campher skåra to mål til

– Han har nok gjort alt rett i restitusjonstida.

Comeback-Campher skåra to mål til
David Camphere har gradvis kome i spel igjen. I går var hans første heile kamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. juni 2022 14:30

Bremnes - Lysekloster 2-3 (0-3)
Tropp og kampfakta på fotball.no

Lysekloster vann 5-0 heimeover Sola førre helg. David Campher, som hadde sin første heimekamp frå start, skåra to av dei tre første måla.

I går leia Lysekloster 0-3 etter 13 minutt borte mot Bremnes. Campher skåra dei to første.

– Eg er imponert over dette comebacket. Han har vore vekke frå fotball i 2,5 år, det var til og med 50/50-sjanse for om han kunne spela fotball igjen, fortel Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Gradvis har han fått lov av medisinsk apparat å koma i spel igjen, i går var Campher sin første heile kamp.

– Han kom til oss som midtstoppar, og med tre skadde spissar trengte vi han på topp. Han er atletisk og allsidig, men eg hadde ikkje venta 4 mål på 2 kampar, eller at han skulle spela så bra som han gjer.

Lloyd Fagerlie skåra det tredje målet.

Lloyd Fagerlie heime mot Sola førre helg. I går blei han matchvinnar med 0-3-skåringa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lloyd Fagerlie heime mot Sola førre helg. I går blei han matchvinnar med 0-3-skåringa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Men etter pause var det berre heimelaget som skåra.

– Vi hadde ein veldig god førsteomgang, men Bremnes har to sterke spissar, og speler mykje duirekte og fysisk. Vi løyste det greit, også då dei skåra 2-3 på corner og prøvde å skapa litt kaos i innspurten. For ein god månad sidan ville vi nok ikkje takla dette like bra, men vi fekk sigeren ihamn.

Det er svært jamt i Lysekloster si avdeling, fem lag sto med 14 poeng før 10. runde, eitt lag sto med 13.

Mens det framleis er nokre av laga som ikkje har spelt 10. runde, ligg Lysekloster på 3. plass med 17 poeng, 3 poeng frå Brodd på 2. plass, 7 poeng bak serieleiar Brann 2.

Lysekloster speler neste kamp heimemot nettopp Brodd, så er det bortekamp mot Fana.

Sjå tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.