Sport | 02. mars 2010

Crossar i California

Motocrosstalentet Marco Matre (15) er på treningsleir med NTG i California. Sjå film og fleire bilde!

Crossar i California
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. mars 2010 16:13

Bildeserie:

1 av 5

Marco Matre frå Os MC & MX Klubb er ein av tre motocrosskjørarar som 9. februar reiste til California saman med seks elevar frå Norges Toppidrettsgymnas. Motocrosstalenta deltar på ein fem veker lang treningsleir i Riverside i regi av Roy Snellingen og Roy Snellingen Motorsport Academy.

- Dette kjem Marco til å ha stort utbyte av, trur pappa Jarle Matre, som også kjører motocross sjølv, og som saman med kona er med på turen.

Tett program
Sjølv om mange av gutane sikkert synes det er spennande å vera i California og godt å vera vekke frå snø og kulde, har turen stort sett handla om trening.

- Dei fleste står opp klokka 6.30 for å vera på plass på banen til første økt klokka 08.00. Så er det kjøring fram til lunsj klokka 12.30.

Klokka 13.30 startar skulen, som varar fram til klokka 18.00.

- Etterpå står to timar på LA Fitness for tur, så når gutane er heime, i 21.30-tida, er det som regel rett i seng, fortel Jarle.

Gode banar og store opplevingar
Treningane har blitt kjørt på banar i Lake Elsinore, berre fem minutt frå der elevane bur. Forholda skal vera fantastiske og amerikanarane er ifølgje deltakarane flinke til å bygga spennande banar.

Dei har også fått kjørt på banar som Pala, Competetive Edge og Glenn Helen, og kjørt løp i arrangement som ofte har over 700 startande.

Utanom trening har gutane blant anna fått vera med på Anaheim stadion for å vera publikum på AMA Supercross - og dei har fått boltra seg i fornøyelsesparken Knottsberry Farm.

Eksterne lenkjer:
www.roysnellingen.no
NTG Motocross

Under bilda kan du sjå ein filmsnutt med Marco i trening på Glenn Helen, ein av USAs mest kjente banar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.