midtsiden

Cup og baneopning

I helga er det igjen tid for cup på Kuventræ for over 1000 unge fotballspelarar. I år har cupen nytt namn, ny bane og offisiell opning av banen med ordførar og gåvegjevar på plass.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Den har tidlegare fått namn tilsvarande daglegvarekjedebutikken som har sponsa, anten det har vore Rema 1000, Drageset eller som i fjor; Meny Cup. I år har Os Turn Fotball invitert til Bjørnefjorden Cup.

- Vi har framleis sponsorar, med Meny som største, men ikkje i hovudsponsorklassen. Årsaka til at vi har endra namnet er at vi vil bli lettare å kjenna igjen, eventuelle framtidige hovudsponsorar får namnet sitt mellom "Bjørnefjorden" og "cup", seier Leif Gunnar Borgen.

Trond Mohn på baneopning
Før jul var kunstgrasbane nummer to på Kuventræ nesten ferdig. Vinteren kom brått, så dei siste to vekene med jobbing måtte utsetjast til i vår. Før påske sto både ny bane, ny tribune og nytt skur klar til trening og kamp - og no til cup.

- Klokka 11.30 laurdag er det offisiell opning. Vi er glade for at både ordførar Terje Søviknes og gåvegjevar Trond Mohn saman med representantar frå fotballkrinsen tar del i opningsseremonien.

Fleire vil overnatta
I fjor hadde arrangørane overnattande gjestar for første gong. To lag blei innkvarterte på Kuventræ skule, fekk pizza om kvelden og frukost før cupstart, og kom med gode tilbakemeldingar i etterkant.

- Dei hadde hatt det kjekt, og dei syntes ein liten overnattingstur til Os var ein fin start for dei unge, som seinare skal reisa på lengre turar for å delta på cup.

I år er det venta dobbelt så mange spelarar på overnatting, også desse får tak over hovudet på skulen like ved idrettsanlegget.

115 lag - 1100 spelarar
Nesten like mange som i rekordåret 2008 har meldt seg på årets cup. I fjor var det 130 lag med spelarar mellom 6 og 12 år som stilte til kamp, i år er 115 lag påmeldt. 1100 spelarar, 250 lagleiarar og ein stor haug foreldre og søsken kjem til å vrimla på Kuventræ laurdag og sundag.

- Vi brukar i hovudsak grasbanen og den nye kunstgrasbanen. Vi klarar oss med to banar, men kjem til å laga ein sjuarbane også på den gamle kunstgrasbanen, fortel Borgen.

Nytt i år er at det nye reiskapsskuret blir brukt til kiosk, sidan ny kiosk ikkje er på plass enno. I denne enden av banane kjem også grillane og telta til å stå. Toaletta er på same plass som før, i ny versjon ...

HER ER NOKRE BILDE FRÅ CUPEN I FJOR:

Fleire saker