Sport | 04. aug. 2016

Cupeventyret over

Fire 1/8-delsfinaler i A-sluttspelet blei resultatet for Os under årets Norway Cup.

Cupeventyret over
Os 1 med peptalk før møtet med brasilianerane (privat foto)
Andris Hamretorsdag 04. aug. 2016 17:03

Torsdag kveld blei det snipp, snapp, snute for dei deltakande laga til Os Fotball under årets Norway Cup.

Bærum blei for sterke for gutane sitt andre lag, og Os måtte gå av banen med 0-6 i sekken. Noko betre gjekk det med 1. laget, som tapte berre 0-1 mot brasilianske Pequeninos Do Jockey. I følgje ryktene frå Ekebergsletta kunne Os fort ha vunne kampen.

Jentene rauk 0-3 får Bækkelagets SK i deira 1/16-finale før andrelaget til juniorane rauk ut av B-slutspelet i 1/8-delfinalen mot Follese. Sluttresultatet blei 0-4.

Torsdag kveld var håpet at førstelaget til juniorane skulle klare å ta seg vidare til kvartfinalen då dei møtte Kolbotn frå like utanfor Oslo. Diverre blei det eit forsmedeleg 1-2-tap for Osjuniorane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.