Lokal | 30. mars 2013

Då ambulansen kom

Etter ein demonstrasjon i Os sentrum i mai 1976 gjekk osingane mann av huse for å spleisa på ambulanse. Kort tid etter var den på plass.

Andris Hamrelørdag 30. mars 2013 08:36

Fram til 1977 var osingane avhengige av ambulanse frå Fana eller Bergen om uhellet var ute.

- Etter eit par tilfeller i 1975 blei det eit stort trøkk blant osingane for å få ein bil stasjonert i bygda, fortel Kristian Strønen, som var blant dei som fekk ansvaret for å etablera ambulansetenesta.

22. august 1977 var ambulansen på plass i Osbygda, etter ein innbringande runde med sal av "aksjar".

Demo gjorde susen

Ein mai-laurdag i 1976 arrangerte Røde Kors ein demonstrasjon på torget på Osøyro kor ein bil og syklist hadde kollidert.

– Du veit, det var den gongen torget var den naturlege samlingsplassen på Os.

– Vi stengte torget, fekk inn Arne Kleiven som speaker og kjørte på.

På midten av 70-talet var Osøyro den store samlingsplassen, også denne laurdagen. Rundt heile torget sto folk og følgde med på demonstrasjonen, der Røde Kors-mannskapa jobba med markørane, medan ein venta på ambulansane.

Kort utrykingstid

Oppe i det gamle Røde Kors-huset på Giskavollen hadde dei stasjonert to ambulansar dei hadde lånt frå Fana Røde Kors og Bergen Brannvesen.

- Bilen frå Fana viste kor kort tid det tok å få hjelp om bilen sto på Os, den var naturlegvis på plass eit par minutt etter at "alarmen" gjekk.

– Bilen frå Bergen Brannvesen kom seinare, som om den kom frå Bergen. Speakeren Arne sto og fortalte publikum kor langt ambulansen frå Bergen var kome. "No er den på Nesttun", "no er den på Kalandseid".

- Det vekte nok mange, og dei ville gje pengar til ambulanse i Os med éin gong, fortel den tidlegare ambulansesjåføren.

60 000 i overskot

I staden for å samla inn pengar med éin gong gjorde det frivillige lagslivet med Røde Kors, Sanitetsforeiningen, Lions og Rotary i spissen, jobben med å selja andelsbrev til 100 kroner stykket måndagen og tysdagen etter.

- Alle husstandane fekk besøk og mange kjøpte.

- Ja, nokre kjøpte både to og tre. Du må hugsa at 100 kroner den gongen var mykje penger, smiler Strønen, om aksjonen som gav så mykje penger at ein sat igjen med om lag 60 000 kroner i overskot.

Totalt blei det samla inn 305 000 kroner. Bilen kosta 240 000 kroner i 1977.

Det var blant anna ein gjeng som hadde samla inn 15 000 kroner for å bygga eit ungdomshus på Ulven.

- Det prosjektet blei aldri realisert, i staden bestemte dei seg over ein kaffikopp at pengane skulle brukast på ny ambulanse.

"Eg har betalt!"

Faktisk var interessa så stor at folk som hadde vore bortreist måndagen spurte naboar som hadde kjøpt fleire andelar om å få kjøpa ein av dei.

- Interessa var heilt enorm og det var mange artige episodar.

- Då vi fekk bilen i drift opplevde ambulansesjåførane stadig at pasientane opna med å fortelja at dei hadde betalt, då dei blei lagt inn i ambulansen.

Fekk låna utstyr

Ambulansen blei kjøpt i Horten, samstundes med at Bergen Brannvesen kjøpte tre av sine.

- Dei var ein stor kunde av fabrikken. Brannsjef Gjessing i Bergen gav dei klar beskjed om at Os skulle ha same ambulanse som Bergen og dei same rabattane.

- Noko utstyr kunne dei la vera å montera for det skulle Bergen Brannvesen supplera med, fortel Stønen.

"Du veit Kristian, i instruksen min står det at eg ikkje har lov til å gje vekk kommunalt utstyr, men det står ingenting om at eg ikkje kan låna det vekk", var helsinga frå brannsjefen.

Dei første sjåførane

Med ambulansen på plass handa det om å drifta den.

- På den tida fekk vi betalt for kvar tur etter faste satsar frå rikstrygdeverket.

- Det var ingen av kommunalsjefane som ville ha ambulansesjåførane i sin stab, for då visste dei aldri når dei var på jobb, så det enda med at rådmann Harald Mo spurde om vi ville ta heile ansvaret mot at dei betalte ei stilling.

- Slik blei det at Atle Lyssand, som jobba i privatbanken, og Johs Morken, som jobba i Buggegården, blei dei første ambulansesjåførane i Osbygda, fortel Strønen.

Blei nest størst

Dei to skifta på å rykka ut. Det første året hadde dei 42 utrykningar totalt.

Os Røde Kors Ambulanser blei etterkvart den nest største ambulansedrivaren i Hordaland med 30 tilsette og 5 ambulansar.

Den siste tida dei dreiv, før Helse Bergen tok over ansvaret, hadde Røde Kors ambulanseteneste i Os, Samnanger, Fusa, Osterøy og Austevoll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.