Dagen i dag vs sankthans
Kor kort og lang kan dagen bli?

I dag har jorda kome så langt i bane rundt sola at hellinga på jorda frå no av gir oss nord for ekvator stadig lengre dagar.
Både før og etter at kristendomen kom til Norge har dagen blitt markert, dei siste drygt tusen åra med sankthansaftan (23. juni) og luciadagen (13. desember).
Men det er rundt 21. juni og 21. desember at sola «snur».
Dagen i dag er 5 timar og 48 minutt og 38 sekund lang på Osøyro (det er lokale variasjonar).
Sola sto opp klokka 09.41 og går ned klokka 15.30.
Allereie i slutten av januar er dagen to timar lengre, i starten på mars er dagen nesten dobbelt lang, med over 10 timar mellom soloppgang og -nedgang.
Ved sommarsolverv 21. juni, nær sankthans, er dagen 18 timar og 56 minutt lang, med soloppgang klokka 04.11 og solnedgang klokka 23.08.
- Kjelde/les meir: Solkalender for Osøyro på timeanddate.com
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.