Dei finaste påskebilda!
Her er vinnaren av fotokonkurransen vår - og ein bildeserie med våre 20 favorittar.
Bildeserie:
Etter påske inviterte vi lesarane våre til å dela sine beste påskebilde med Midtsiden-lesarane, med løfte om premie til ein vinnar kåra av redaksjonen.
Vi hadde ambisjon om å publisera vinnaren etter kort tid, men responsen var overveldande med over 100 bilde frå 64 innsendarar.
No har vi likevel - i god tid før pinse - fått sett gjennom alle bilda og tatt den svært vanskelege jobben med å kåra ein vinnar.
Vinnarbildet er tatt av Marit Tombre!
Ho vinn eit gåvekort på 500 kroner på Havnechefen Restaurant i Os sentrum.
Bildet ser du øvst til venstre - og i full skala i bildeserien.
– Marit og andre sendte fleire fine bilde. Dette bildet blei i ein hard konkurranse kåra til vinnar fordi vi synest det både er velkomponert og stemningsfullt. Det er dessutan eit godt bilde på korleis akkurat 2019-påsken, og store delar av vinteren, har vore. Snøfattig og solrik, seier «juryformann» Kjetil Osablod Grønvigh.
Bildet er tatt i Brandsethdalen, der familen Tombre har hytte.
I bildeserien over ser du 20 av dei innsendte blda vi likte best.
Vi takkar alle som sendte inn sine gode påskeminne, og ønskjer alle fotografar lykke til med årets 17. maibilde!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.