- Dei gjorde alt rett
Jentene som var åleine heime stengte spjeldet då det braut ut pipebrann fredag ettermiddag.


Klokka 14.20 i dag rykte Os brannvesen ut på melding om pipebrann i Brothaugen.
- Nokre unge jenter som var åleine heime hadde fyrt i peisen. Då det braut ut pipebrann gjorde dei alt rett, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Det var ein nabo som oppdaga pipebrannen. 110-sentralen gav jentene beskjed om å stenga spjeldet, noko dei gjorde.
- Vi rykte ut, sløkte brannen, feia pipa og sjekka huset. Det var berre inni sjølve pipa at det brann, fortel Gjøsund.
Over helga skal ein feiar oppom igjen for å sjekka at pipa ikkje har fått sprekker.
- Det er viktig at dei som ikkje var heime då det var feiar på tunet, tar kontakt for å avtala ny tid. Feiarane gjer viktig, førebyggande arbeid, seier brannsjefen.
I heile 2007 var det 7 pipebrannar i Os, dei to første månadane i 2008 var det 8. I 2009 var første pipebrann i juli (!). Dagens pipebrann var nr. 2 i år.