Kultur | 08. feb. 2015

– Dei kunne ha sjekka fakta

Arne Mæland om kritikken og støyen rundt utstillinga i Grieghallen.

– Dei kunne ha sjekka fakta
Arne Mæland tek kritikken med knusande ro (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 08. feb. 2015 12:08

Torsdag 29. januar opna Arne Mæland utstillinga «Musikken, menneske og livsseilasen» i Grieghallen. Utstillinga har kome i stand etter eit samarbeid mellom Mæland og Christian Rieber i GC Rieberfondene for å heidra Bergen Filharmonien sitt 250-årsjubileum.

Ei veke etter utstillingsopninga møter Midtsiden Arne og sonen Vidar heime i Solbakkestova.

– Korleis har tida vore i etterkant av opninga?

– Den har vore fin, det har kome veldig mykje gode tilbakemeldingar både på telefon, epost, facebook og som eg fekk i dag, på gode gamaldagse postkort, smiler Arne Mæland over kaffikoppen.

Rekna med det

Om kritikken som kom rundt utstillinga fortel Mæland at det var som venta.

– Du veit, eg har blitt kritisert gjennom 25 år, så at det blei støy denne gongen òg var nesten venta. Vi hadde jo håpa vi skulle sleppa det denne gongen, men slik blei det ikkje.

– Det er nokon som ser raudt berre dei høyrer namnet mitt, seier Arne Mæland.

– Det er heilt greitt å kritisera, men dei kunne i det minste sjekka fakta før dei hamra laus på oss.

– Ut frå kritikken såg det jo ut som om vi skulle fylla heile plassen utanfor Grieghallen, sanninga er jo at det står to skulpturar ute, medan dei andre står innomhus langs dei store glassveggane i spissen i foajeen, forklarer Mæland.

Opnar for andre?

Noko av kritikken gjekk mellom anna på at det ikkje var brukt fagfolk til å setja opp utstillinga.

– Det er jo heilt feil. Vi er tre som har vore kuratorar for utstillinga. I tillegg til Vidar og meg har vi hatt med oss ein italiensk kunstnar når vi har planlagt utstillinga.

– Det var mange omsyn å ta. Ustillinga står i ein sal som skal nyttast i alle settingar. Det gjorde at vi måtte forholda oss til rommet på ein annan måte enn om det var ei rein utstilling.

– Vi håper utstillinga kanskje kan vera med å opne Grieghallen for andre kunstnarar seinare, seier far og son Mæland.

Skal få kaffi og bakst

Ein av dei krassaste kritikerane er Erling Gjelsvik, som i eit debattinnlegg i BA slaktar Mæland, utstillinga og dei som betaler for kunsten, i særs kraftige ordelag.

– Eg har ikkje lese innlegget sjølv, det orkar eg ikkje bruke tid på. Men eg har fått det referert.

– Det er greitt at han ønskjer å provosera og skapa debatt, men det må no vera ein viss form for anstendigheit i det.

– Eg lever godt med det, men hadde det vore ein yngre kunstnar som hadde fått gjennomgå på denne måten, så hadde eg blitt uroa. Det er greitt å kritisera, men ein må kunne gjera det på ein sakleg måte.

– Eg ber ikkje nag til han, om Gjelsvik tek turen opp her, så skal han få ein god kopp kaffi, ja han skal til og med få bakst, seier Mæland mens han serverer ein ny bete wienerstang.

Kulturby utan støtte?

Far og son Mæland er opptekne av korleis kunstbyen Bergen hadde vore utan dei økonomiske velgjerarane.

– Det er den delen av kritikken som er vanskelegast å forstå. Korleis hadde Bergen vore uten familiar som Rieber, Greig og Galtung Døsvik og dei bidraga dei har gitt til kunst, kultur, idrett og forsking.

– KODE trur eg ikkje hadde eksistert om det ikkje var for disse sponsorane. Dei kjem med så mange bidrag som folk ikkje ser og har gjort det gjennom mange ti-år.

– Skittslenginga om desse familiane er faktisk det verste oppe i det heile, seier Vidar Brattlund Mæland.

Aleksander Dale Oen

Arne Mæland let seg ikkje knekka av kritikken.

– Nei det gjer eg ikkje, eg skal ikkje bli mindre aktiv med det eg baler på med.

– Ja, kva står på programmet no då?

– Det neste no er ei statue av Aleksander Dale Oen som skal ut på Kystmuseet i Øygarden. Den skal avdukast i mai.

– Så er det jo den store sommarutstillinga med skulpturar frå heile landet som Os kulturutvikling skipar til i sommar, kor eg og er med å bidreg litt.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.