Dei yngste sin dag
Steffen Kvamsdal skåra sitt første for A-laget til Os, Vegard Strønen Skeie blei banens beste i storsiger til serieleiaren.
Bildeserie:
Os - Valestrand 7-0 (4-0)
Målskårarar: 1-0 Christoffer Hafsås (17.), 2-0 Alexander Dale (31. ), 3-0 Steffen Kvamsdal (40.), 4-0 Vegard Strønen Skeie, 5-0 Rafael Villén (49.), 6-0 og 7-0 Mats Cato Moldskred (74. og 82.)
Os: Anders Fossen Lunde - Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Alexander Dale (Håkon Kvittingen 68.), Harry Moore - Vegard Skeie Strønen, Marius Mikkelsen (Steffen Kvamsdal 30.), Rafael Villén - Øystein Takle Eide, Mats Cato Moldskred og Christoffer Hafsås (Aleksander Tøssebro 64.).
Os tar ferie på toppen av tabellen etter at Fyllingsdalen 2 spelte uavgjort i førre runde.
Vårsesongens siste kamp blei den mest suverene vi kan hugsa å ha sett av Os dei siste 12 åra, topp mot botn i 4. divisjon blei rått parti og det burde ut frå sjansestatistikken blitt tosifra med god margin.
Steffen Kvamsdal kom innpå i 30. minutt for ein småsjuk Marius Mikkelsen, ti minutt seinare auka han til 3-0.
– Det var sjølvsagt veldig kjekt å skåra! Hafsås låg an til å ta ballen, men eg såg at eg sto i betre posisjon og ropte. Heldigvis hoppa han over den, seier Kvamsdal.
Han har aldri spelt så lenge som 60 minutt for A-laget før, og jobba godt kampen ut. 18-åringen hadde dessutan skot rett utanfor frå fem meter og ein lang lobb som gjekk i stanga.
Vegard Strønen Skeie spelte midtstoppar frå start, sette inn 4-0 i 44. minutt på corner etter redning av straffe av Hafsås. Skeie blei av lokal jury kåra til banens beste.
– Mykje bra, men noko ukonsentrert
Os hadde tre skot i stolpen før første halvtimen var gått. Så gjekk det frå 1-0 til 4-0 på eit kvarter.
5-0 kom fire minutt ut i 2. omgang, likevel heldt Os oppe trykket.
– Det er ikkje noko å seia på innsatsen. Vi gjer dessutan mykje bra, vi er aggressive i gjenvinningsfasen og vi skaper veldig mange sjansar, seier trenar Tim Henrik Sperrevik.
– Men vi burde hatt mange fleire mål. Vi er nok litt utolmodige og litt ukonsentrerte.
Os speler første kamp etter ferien heime mot Fyllingsdalen 2 søndag 12. august.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.